Åsanes nye superstjerne!
Åsanepodden3 Des 2021

Åsanes nye superstjerne!

I haust har Åsane fått ein ny superkjendis. Det leggast ut nye bilete på Facebook nesten dagleg, engasjementet er stort, og nokon har til og med kommentert at ho burde verte årets Åsabu. I dagens episode får du vite korleis du best kan hjelpe den nye stjerna!


For me snakkar sjølvsagt om den grøne papegøya, som er ein indisk halsbåndparakitt, som har vore på rømmen sidan i sommar. Mange har prøvd å fange fuglen, som har skapt eit enormt engasjement på nettet, men ingen har lukkast enno. To som har brukt mykje av si fritid på å prøve å få papegøya, som dei kallar Lily, i hus, er Miriam Emina Mæland og Christina Johanne Haugan Thorvaldsson. Mæland driv dyrevernsorganisasjonen Arken care og vert av mange kalla dyrehviskaren, medan Thorvaldsson, som sjølv har papegøyar, blei engasjert i saken då ho såg eit innlegg om Lily på Facebook.


I dagens episode får du høyre meir om den spektakulære jobben som vert gjort for å prøve å fange Lily på ein så skånsom måte som mogleg. Du får høyre meir om det tette bandet som har oppstått mellom Lily, Mæland og Thorvaldsson og at sjølv ikkje fem skjorer har klart å ta ut den lille tøffingen som framleis flaksar rundt i Åsane. Og du får ikkje minst vite kva du kan gjere for å hjelpe Lily, og sjølvsagt kva du ikkje bør gjere! Visste du blant anna at du ikkje må setje ut avokado eller appelsin, for det kan ta livet av Lily? Fleire tips og råd får du i podkasten.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(28)

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
forklart
popradet
stopp-verden
fotballpodden-2
rss-espen-lee-usensurert
nokon-ma-ga
det-store-bildet
rss-gukild-johaug
dine-penger-pengeradet
lydartikler-fra-aftenposten
hanna-de-heldige
rss-ness
aftenbla-bla
rss-dannet-uten-piano
rss-penger-polser-og-politikk
rss-utenrikskomiteen-med-bogen-og-grasvik
e24-podden