Johannes Sandvik Bø - Gull, Mål og Motivasjon: Møt løpetalentet frå Fitjar!

Johannes Sandvik Bø - Gull, Mål og Motivasjon: Møt løpetalentet frå Fitjar!

I denne episoden av Sunnhordlandpodden får me eit unikt innblikk i livet til Johannes Sandvik Bø, ein lovande løpar frå Fitjar. Berre 18 år gammal har Johannes allereie sikra seg gull i NM og plass på U20-landslaget.

Me snakkar om karrieren hans, som starta tidleg, og utfordringane han møter som mellom- og langdistanseløpar. Johannes deler erfaringar frå internasjonale stemne som junior-VM i Peru og om korleis han balanserer trening med skulekvardagen på Stord VGS.

Han fortel om motivasjonen, kvardagsrutinane og måla framover. Lytt til ein inspirerande prat om ambisjonar, ståpåvilje og gleda ved å meistre idretten!


Støttespelar: Fitjar Kraftlag

Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!

Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(416)

Mariia Kapanzhy – om Brilleriet, sjokolade og flukta frå krigen i Ukraina

Mariia Kapanzhy – om Brilleriet, sjokolade og flukta frå krigen i Ukraina

Mariia Kapanzhy kom frå Odessa i Ukraina til Noreg etter at krigen braut ut. I denne episoden blir me betre kjent med historia hennar – frå eit godt liv i heimlandet, via mørke vintrar utan straum, ti...

29 Jun 54min

Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz

Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz

Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19.Me snak...

22 Jun 52min

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune. Dei fortel om eit lågterskeltilbod som g...

15 Jun 48min

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handl...

8 Jun 28min

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom?I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå...

1 Jun 47min

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv...

25 Mai 36min

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege.Christian André har over 24 år bak...

18 Mai 36min

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt.Sigrun deler o...

11 Mai 54min

Populært innen Business og økonomi

stopp-verden
lydartikler-fra-aftenposten
rss-penger-polser-og-politikk
dine-penger-pengeradet
e24-podden
rss-borsmorgen-okonominyhetene
aftenbladet-intervjuer
rss-pa-konto
livet-pa-veien-med-jan-erik-larssen
rss-skravla-gar
finansredaksjonen
utbytte
pengepodden-2
morgenkaffen-med-finansavisen
tid-er-penger-en-podcast-med-peter-warren
lederpodden
okonomiamatorene
liberal-halvtime
pengesnakk
rss-politisk-preik