Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske
Skimtvis29 Apr 2022

Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske

Frode Sæbø var blant mannskapet på fiskeskøyta «Fjelldur», som i 1972 hadde fått oppdraget med å reisa til eit småbruk på Borgundøy i Fjelberg for å henta sauene til Tjerand Aske – med tvang. Oppdragsgjevar var dyrevernnemnda i Kvinnherad kommune. Frode var på fiske og minnest enno det uvanlege ærendet han og nokre andre ungdommar frå Halsnøy var med på.

Dei fiska godt det året, kan Frode hugsa. Men denne dagen i 1972 var det noko heilt anna enn fiske mannskapet på «Fjelldur» tenkte på.

– Det var litt spennande for oss, kan du vita, for noko slikt hadde vi aldri vore med på før, fortel Frode i dette lyd-intervjuet. Dessutan gjorde alt eit sterkt inntrykk, spesielt på oss ungdommane, eg var jo berre 16 år den gongen. Trist var det også, men eg meiner det var rett det som vart gjort, seier Frode Sæbø i dag.

Ikkje noko anna val

Sauene på Aske var i så dårleg forfatning at dyrevernet ikkje hadde noko anna val enn å gripa inn.

Men for Tjerand vart det ein tung dag, til liks med det som skjedde 14 år tidlegare, i 1958. Skilnaden var at det denne gongen ikkje hadde vore noko opprivande sak i rettssystemet. Dyrevernnemnda åleine hadde bestemt at sauene skulle takast, og ba lensmannen om hjelp til gjennomføring av vedtaket.

Det var alminneleg kjent at det ikkje stod så bra til med sauene til Tjerand, fortel Frode. Dei blei rett og slett vanskjøtta på grunn av fôrmangel.

– Utifrå eit dyrevernomsyn var det heilt sikkert rett det som vart gjort den gongen, seier Frode Sæbø. Tjerand hadde mista kontrollen over situasjonen, og problema hadde vokse han over hovudet. Det var sjølvsagt trist, men heilt nødvendig når vi såg korleis dyra hadde det.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(23)

Hans Gertz: Pensjonist med munnspel

Hans Gertz: Pensjonist med munnspel

Pensjonist med munnspelHans Gertz vart fødd i Aust-Tyskland i 1940, men kom seg ut av det kommuniststyrde landet i lag med mor si og to søstre etter krigen. Dei kom seg etter kvart til Bergen, der mor...

29 Nov 202436min

Lars Jostein Rørvik: Spelemann og bokskrivar

Lars Jostein Rørvik: Spelemann og bokskrivar

Lars Jostein Rørvik var knappe 18 år gammal då han i 1966 fekk tilbod om å bli vokalist i dansebandet The Tempers. Seinare har han stått på ulike scenar og sunge i fleire band i over femti år. Ei oppt...

28 Jun 202226min

Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky

Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky

Han var stor og sterk, men stillfarande, og kanskje endåtil litt sjenert og folkesky. Slik hugsar Per Arne Fjelberg frå Halsnøy småbrukaren og fiskaren Tjerand Aske. Han må ha slite noko forferdeleg f...

22 Apr 202215min

Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt

Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt

Ikkje er han døypt, ikkje er han konfirmert og ikkje trur han på nokon gud heller, snart 92 år gamle Per Flatebø i Mauranger. Derimot er han politisk overtydd; han røystar på partiet Raudt og vil gjer...

5 Nov 202143min

Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970

Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970

Fredag 9. januar 2020 var det femti år sidan den tragiske rasulukka i Mauranger, der sju menneske omkom, fire av dei frå Kvinnherad. Hendinga sette varige spor, særleg i familiane som miste ein av sin...

16 Okt 202018min

Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske

Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske

Jarle Fossheim frå Seimsfoss var i 1972 med og henta om lag 80 sauer frå ein avsidesliggjande gard på Borgundøy i Fjelberg – med makt. Dyrevernnemnda i Kvinnherad hadde fått melding om vanrøkt og rykt...

11 Des 201915min

Terje Fjellhaugen: – Hugsar godt siste gongen eg snakka med Tjerand

Terje Fjellhaugen: – Hugsar godt siste gongen eg snakka med Tjerand

– Eg bur i ei pappøskje, men har det bra! Det fortalte Tjerand Aske til venen Terje Fjellhaugen i Matre, då han var ein snartur heimom frå Oslo tidleg på 1970-talet. Året før hadde Tjerand vore på anl...

17 Des 201820min

Populært innen Samfunn

rss-spartsklubben
giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
konspirasjonspodden
aftenpodden-usa
popradet
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
rss-henlagt-andy-larsgaard
rss-espen-lee-usensurert
grenselos
min-barneoppdragelse
wolfgang-wee-uncut
alt-fortalt
synnve-og-vanessa
rss-dette-ma-aldri-skje-igjen
lydartikler-fra-aftenposten
frokostshowet-pa-p5
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
rss-siktet
krisemoter