
Spesial: Trump-effekt for Ap og nedtur for Frp
I krisetider søker folk tryggleik, heiter det. Og BTs ferske måling tyder på at krisestemninga er på gang i Norge. For kan folk sjå for seg Sylvi Listhaug som statsminister med Donald Trump i det kvite hus? Eit anna parti har mista åtte av ti veljarar frå 2021.
11 Mar 202523min

Praktisk info før dommedag og litt bondepropaganda
Har du nok vatn i beredskapslageret? Korleis går du eigentleg på do når vatnet er vekk? Og bør du selje deg ut av fond? Me gir det alt du treng å vite i tilfelle dommedag nærmar seg. Og så har me sett «Jon bli bonde», og ringer ein gammal venn av podden for å krangle litt om det.
6 Mar 202536min

Politikk og følelser
Vi skulle snakke om optimisme i norsk økonomi, men det ble handelskrig og trippelskvis. Sylvi Listhaug har sittet i retten denne uken. Men det var noe helt annet som fikk ordføreren i Bergen til å begynne å grine i bystyret. Produsent: Henrik Svanevik
27 Feb 202537min

Erna-hybris, bullshit-jobbar og Ap-fest i rottebyen
Den nye Ap-regjeringa drog på signingsferd til Bergen, og Eirin røper litt frå innsida av festen. Kan me skaffe meir arbeidskraft, med å droppe bullshit-jobbar, eller har nokon misforstått teorien? Og kva skal Bergen eigentleg gjere med alle rottene?
13 Feb 202535min

Spesial: – Ap har fått 250.000 nye veljarar sidan tysdag
Ei rykande fersk måling viser at Stoltenbergs comeback har snudd opp ned på alt i norsk politikk. Vår ekspert Johan Giertsen har aldri sett makan.
7 Feb 202521min

– Hjernedrypp i sakte kino
Den nye regjeringa skal forandre Norge, seier Støre. Men vil dei no eigentleg det? Donald Trump vil forandre Gazastripa – Midtaustens riviera. Kven veit om det er tull, galskap, eller faktisk alvor. Og vår gjesteprogramleiar Frode Bjerkestrand har teke eit oppgjer med Facebook.
6 Feb 202543min

Stoltenberg-spesial: – Viss ikkje dette gir Ap ein oppsving vil ingenting hjelpe
Årets overrasking i norsk politikk kom tidleg: Jens Stoltenberg gjer comeback som finansminister, og det kan endre alt. For kva tenkte eigentleg Erna Solberg i dag? Og har dette vore Støres plan heile tida? «Nokon må gå» spekulerer og analyserer.
4 Feb 202527min





















