Salamandertesten: Simon Malkenes om norsk skulepolitikk

Salamandertesten: Simon Malkenes om norsk skulepolitikk

Innføringa av dagens skule byrja i 2001, då kom dei første Pisa-resultata. Dei viste at Noreg ikkje var best, men skåra middels blant OECD-land. Løysinga vart ein ny skulepolitikk, ein skulle disiplinere ungane til å lære meir. I denne episoden av DAG OG TID-podkasten er Simon Malkenes gjest. I fjor kom han ut med boka «Salamandertesten» der han skriv om norsk skulepolitikk i lys av Bjørneboes Jonas frå 1955. Boka tar utgangspunkt i eit føredrag på Nasjonalbiblioteket i høve 100-årsjubileet for Jens Bjørneboes fødsel. Nøkkelord er «læringstrykk», «humankapital», «tidleg innsats» og «disiplindugnad». Malkenes har også blitt intervjua av Jan H. Landro i Dag og Tid 4. februar. Intervjuet kan du lese her.

Episoder(100)

Mellom to kulturar: Susanne Hætta om besteforeldra sine i Siebe

Mellom to kulturar: Susanne Hætta om besteforeldra sine i Siebe

Susanne Hætta, forfattar, fotograf og biletkunstar, spør kven ho er, gjennom portrett av besteforeldra og foreldra sine, samiske og norske. Ein oppvekst mellom to kulturar, sett gjennom eit hundreår. ...

3 Mar 202333min

Krigen i Ukraina: Halvor Tjønn om året som har gått

Krigen i Ukraina: Halvor Tjønn om året som har gått

Det er gått eitt år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Mykje har endra seg det siste året. Halvor Tjønn ser tilbake på året som har gått. Korleis har krigen endra Russland, og kva me...

24 Feb 202337min

Detaljene: intervju med Ia Genberg

Detaljene: intervju med Ia Genberg

Vinnaren av Augustprisen 2022, Ia Genberg, er gjest hos oss denne veka. Ho fortel om den nyaste boka si Detaljene som kom ut på norsk i år.

18 Feb 202314min

DAG OG TID lydavis: De åtte fjellene

DAG OG TID lydavis: De åtte fjellene

«De åtte fjellene er ei slags maskulin ønsketenking», skriv filmmeldar Brit Aksnes. Høyr ho lese meldinga si i denne podkastepisoden.  Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan ...

10 Feb 20234min

DAG OG TID lydavis: Kongelaksen i Columbia

DAG OG TID lydavis: Kongelaksen i Columbia

Høyr ein av lydartiklane våre i DAG OG TID podkasten. Hans Morten Sundnes leitar etter laksen og urfolket som nesten forsvann då Columbiaelva i USA blei moderne. Dette er del tre i ein serie på fire d...

3 Feb 202317min

Arne Henning Årskaug om «Skap og sørg: eksessar om gørra vi ber på»

Arne Henning Årskaug om «Skap og sørg: eksessar om gørra vi ber på»

«Boka er berre på vel 120 sider, med luft mellom tekstane, men likevel sit ein att med inntrykk av at ho inneheld enormt mange ord, og at forfattaren har funne på dei fleste sjølv.» Dette er noko av d...

27 Jan 202334min

DAG OG TID lydavis: Kva kan du om marsvin?

DAG OG TID lydavis: Kva kan du om marsvin?

Marsvin er dagaktive og nysgjerrige og har også eit rikt kroppsspråk, eit marsvin i godt humør kan hoppe rundt i ekstase (også kalla popkornspretting). Dei har eit godt utvikla språk og kan kommuniser...

20 Jan 20236min

Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fun...

13 Jan 202337min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
forklart
popradet
stopp-verden
det-store-bildet
fotballpodden-2
nokon-ma-ga
dine-penger-pengeradet
rss-gukild-johaug
hanna-de-heldige
lydartikler-fra-aftenposten
rss-ness
aftenbla-bla
rss-dannet-uten-piano
rss-utenrikskomiteen-med-bogen-og-grasvik
chit-chat-med-helle
rss-penger-polser-og-politikk
e24-podden