Salamandertesten: Simon Malkenes om norsk skulepolitikk

Salamandertesten: Simon Malkenes om norsk skulepolitikk

Innføringa av dagens skule byrja i 2001, då kom dei første Pisa-resultata. Dei viste at Noreg ikkje var best, men skåra middels blant OECD-land. Løysinga vart ein ny skulepolitikk, ein skulle disiplinere ungane til å lære meir. I denne episoden av DAG OG TID-podkasten er Simon Malkenes gjest. I fjor kom han ut med boka «Salamandertesten» der han skriv om norsk skulepolitikk i lys av Bjørneboes Jonas frå 1955. Boka tar utgangspunkt i eit føredrag på Nasjonalbiblioteket i høve 100-årsjubileet for Jens Bjørneboes fødsel. Nøkkelord er «læringstrykk», «humankapital», «tidleg innsats» og «disiplindugnad». Malkenes har også blitt intervjua av Jan H. Landro i Dag og Tid 4. februar. Intervjuet kan du lese her.

Episoder(100)

TikTok: Eit usosialt medium?

TikTok: Eit usosialt medium?

TikTok er det raskast veksande sosiale mediet i verda. Når du først er i gang, er det vanskeleg å slutte. Plattforma har blitt skulda for å sensurere innhald, til dømes å ta ut innhald av det dei ser ...

3 Jun 202218min

På reis i Litauen

På reis i Litauen

Håvard Rem har vore på reis i Litauen. Landet var den første republikken som braut ut av Sovjetsamveldet. I denne episoden fortel Rem om nordisk-baltisk samarbeid, Vilnius, litauisk litteratur og mat....

27 Mai 202225min

Anders Nordstad om norsk landbruk

Anders Nordstad om norsk landbruk

Denne veka er Anders Nordstad gjest. Han er engasjert i landbrukspolitikk og vart i høve jordbruksoppgjeret intervjua i Dag og Tid 13. mai. I denne podkasten fortel han om kva han meiner er gale med n...

20 Mai 202229min

Dyrisk: Døyr fe, døyr frendar

Dyrisk: Døyr fe, døyr frendar

Dette er del to i podkastserien «Dyrisk». Saman med veterinærane Brit Tørud og Edgar Brun snakkar Arve Nilsen om fiskehelse og oppdrett. Ifølgje rapporten om fiskehelse i Noreg skriv Veterinærinstitut...

13 Mai 202259min

Å døy om våren. Ein samtale om sjølvmord med Erlend Skjetne

Å døy om våren. Ein samtale om sjølvmord med Erlend Skjetne

Forfattar og skribent Erlend Skjetne er gjest i podkasten denne veka. Han skriv no ein serie essay i DAG OG TID der han reflekterer kring temaet sjølvmord. Her kan du lese første del «Å døy om våren».

6 Mai 202224min

Det franske demokratiet er ikkje som før

Det franske demokratiet er ikkje som før

Etter presidentvalet i Frankrike er det tydeleg at folket er splitta. Korleis har det blitt slik? Og kor mykje makt har presidenten? Gjest er Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Uni...

29 Apr 202234min

Dyrisk: Kva er eit dyr?

Dyrisk: Kva er eit dyr?

Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og...

22 Apr 20221h 1min

Marit Bjerkeng om russisk språk og kultur

Marit Bjerkeng om russisk språk og kultur

Burde me boikotte russisk kultur no? Og har Putin øydelagt den russiske litteraturen? Gjest er Marit Bjerkeng, ho er omsetjar og har undervist i russisk ved høgskular og universitet. I denne episoden ...

16 Apr 202230min

Populært innen Politikk og nyheter

giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
forklart
stopp-verden
fotballpodden-2
popradet
nokon-ma-ga
det-store-bildet
rss-gukild-johaug
dine-penger-pengeradet
rss-ness
aftenbla-bla
hanna-de-heldige
lydartikler-fra-aftenposten
rss-utenrikskomiteen-med-bogen-og-grasvik
rss-dannet-uten-piano
rss-penger-polser-og-politikk
chit-chat-med-helle
grasoner-den-nye-kalde-krigen