Ei soge om språk. Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson
NB:arrangement21 Nov 2016

Ei soge om språk. Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson

Arrangement 22.9.2016 Noreg og Island stod i eit sterkt kultur-fellesskap i mellomalderen. Nordmenn hadde teke med seg språk og skikkar då dei busette seg på øyane i vest rundt år 870, og handel med norske kjøpmenn var naudsynt for Island. Men då dei svarte skipa kom med pesten til Bjørgvin i 1349, tok dei tette banda slutt. Og når konge og verdsleg makt blei samla i Danmark nokre tiår etter, tok det ikkje lang tid før islendingar og nordmenn ikkje lenger forstod kvarandre. Kva skjedde med språket då kontakten blei broten? Historikar Jón Viðar Sigurðsson og språkforskar Arne Torp møter Jens Kihl, politisk journalist i Klassekampen og mållagsmann, til samtale om språk og samfunn i mellomalderen. Arrangementet er ein del av Nasjonalbiblioteket si arrangementsrekkje om språk og historie hausten 2016: Språk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I tre arrangement på Nasjonalbiblioteket i haust møtest ein språkforskar og ein historikar til samtale leia av journalist Jens Kihl om samspelet mellom språk og historie.22. september kjem Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson for å snakke om Noreg og Island i mellomalderen, 20. oktober fortel Agnete Nesse og Erling Sandmo om dansk og norsk i tida før og etter reformasjonen i 1536, medan Åse Wetås og Mona Ringvej 7. november ser på rolla språket spelte i nasjonsbygginga på 1800-talet og korleis språk kunne gje politisk og demokratisk makt.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episoder(282)

Sakprosa. Sjangerlære med Ivo de Figueiredo, Ane Farsethås, Anders Heger og Cathrine Sandnes

Sakprosa. Sjangerlære med Ivo de Figueiredo, Ane Farsethås, Anders Heger og Cathrine Sandnes

Arrangement onsdag 1. februar Litterær sakprosa skal skildre virkeligheten med særlig grad av etterrettelighet. Men hva er sant og virkelig? Og er skillet mellom fiksjon og ikke-fiksjon tilstrekkelig ...

27 Mar 20171h 8min

Poesi. Sjangerlære med Øyvind Rimbereid, Inger Elisabeth Hansen, Trond Haugen og Cathrine Strøm

Poesi. Sjangerlære med Øyvind Rimbereid, Inger Elisabeth Hansen, Trond Haugen og Cathrine Strøm

Arrangement torsdag 26. januar Fra drottkvætt, heltedikt og stev via barokke salmer av Dorothe Engelbretsdotter til Henrik Wergelands brudd med klassisismen. Sigbjørn Obstfelders fremmedgjøring, Arnul...

27 Mar 201759min

Lyden av kvensk. Støv og stjerner med Arve Henriksen

Lyden av kvensk. Støv og stjerner med Arve Henriksen

Arrangement 16.11.2016 Jazzmusikeren Arve Henriksen har vokst opp mellom vestlandske fjell og fjorder. Nylig oppdaget han familierøtter som strekker seg langt mot nord, helt til det kvenske og finskno...

20 Des 201658min

«Piri mitt mitt parian»

«Piri mitt mitt parian»

Arrangement 22.11.2016 Dei særprega og vakre mellomalderballadane ber med seg dramatiske historier om alt frå død, valdtekt og blodhemn til vakker kjærleik og erotisk humor, frå religiøse visjonar og ...

8 Des 201651min

Piker, vin og sang. Hilde Louise Asbjørnsen, Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Piker, vin og sang. Hilde Louise Asbjørnsen, Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Arrangement 12.10.2016 Dei levde på kant med lover og reglar og fekk aldri noka gate eller nokon staseleg plass kalla opp etter seg. Dei kunne kanskje håpe på ei lita vise, der livet og levemåten deir...

29 Nov 201653min

Den rosa songen. Eldar Vågan syng leilighetsviser og samtalar med Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Den rosa songen. Eldar Vågan syng leilighetsviser og samtalar med Kari Slaatsveen og Liv Kreken

Arrangement 16.9.2016 Visste du at då kong Karl Johan døydde i 1844, komponerte Emma Dahl melodien til ei nyskriven vise av Henrik Wergeland på berre ein time? Eller at Petter Dass skreiv «Det hender ...

23 Nov 201652min

Å bygge en nasjon. Språk og historie med Åse Wetås og Mona Ringvej

Å bygge en nasjon. Språk og historie med Åse Wetås og Mona Ringvej

Arrangement 7.11.2016 Språk er makt. På Eidsvoll i 1814 var det ord, og ikke våpen, som grunnla den nye norske nasjonalstaten. Etter dansketid og reformasjon i de fire forrige århundrene handlet revol...

21 Nov 20161h 3min

Dansk reform. Språk og historie med Erling Sandmo og Agnete Nesse

Dansk reform. Språk og historie med Erling Sandmo og Agnete Nesse

Arrangement 20.10.2016 Då reformasjonen kom til Noreg i 1536, fekk kyrkja ei hand på daglegliv, moral og samfunn. Gudstenester og skule fann stad på latin, og dansk blei det administrative språket. Sa...

21 Nov 201658min

Populært innen Samfunn

rss-spartsklubben
giver-og-gjengen-vg
aftenpodden
aftenpodden-usa
konspirasjonspodden
popradet
rss-henlagt-andy-larsgaard
rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
intervjuet
lydartikler-fra-aftenposten
grenselos
wolfgang-wee-uncut
min-barneoppdragelse
rss-espen-lee-usensurert
synnve-og-vanessa
rss-dette-ma-aldri-skje-igjen
rss-dannet-uten-piano
frokostshowet-pa-p5
fladseth
198-land-med-einar-trnquist