Astrid Farestveit Gane - om Gullsmio som feirar 5 år

Astrid Farestveit Gane - om Gullsmio som feirar 5 år

I denne episoden får du bli betre kjent med Astrid Farestveit Gane som driv Gullsmio på Bømlo.

Bli med på reisa frå Voss, via Bergen, Haugesund, Guadeloupe og Tittelsnes til Bømlo.

Astrid er ei dame som mange beskriv som "sprudlande"!
Lytt til episoden så forstår du kanskje kvifor.

Takk til sponsor: Marinaden AS

Episoder(375)

Trine Bekkenes – 25 år med Pepper Hårstudio: ei reise i frisørfaget, fellesskap og lidenskap

Trine Bekkenes – 25 år med Pepper Hårstudio: ei reise i frisørfaget, fellesskap og lidenskap

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Trine Bekkenes, frisøren som i 25 år har bygd opp Pepper Hårstudio til å vere ein salong som handlar om meir enn hår. Trine deler historia om oppstarten, gleda i faget, og korleis ei god hårklipp kan bety langt meir enn berre det ytre.Ho fortel om hårshow, utfordringar og gleder, om å sjå folk og skape tryggleik – og om korleis håret nokre gonger speglar livets oppturar og nedturar.Trine deler òg tankar om rekruttering til frisørbransjen, kva som gjer ein frisør god, og gir gode råd til deg som vil ta vare på håret i sommarsola. Bli betre kjent med ei kvinne som brenn for folk, fellesskap og frisørfaget!Sponsor: Velværetunet Trenger du et friminutt i hverdagen? 🌿Velværetunet på Stord er stedet hvor ro, velvære og fagkunnskap møtes. Ligger idyllisk til like utenfor Leirvik sentrum, i et fredelig område hvor du kan parkere rett utenfor døren.Velværetunet tilbyr et bredt spekter av behandlinger:🌸 Hudpleie og spa-behandlinger💆‍♀️ Massasje for total avkobling💄 Makeup og pleie for bryn og vipper🧖‍♀️ Sauna og massasjebadI de lyse, romslige lokalene får du profesjonell behandling av Anne Britt Ottesen som brenner for å gi deg økt velvære. Velværetunet har lokale på 140 kvm, med 3 behandlingsrom + 1 dag SPA, butikk og kurslokale. Anne Britt har over 20 års erfaring og står klar til å ta imot deg med trygghet og omsorg.Gi deg selv – eller noen du er glad i – en velfortjent pause. Bestill din time hos Velværetunet i dag!🌿 Velkommen til et friminutt i hverdagen! 🌿

23 Jun 43min

Ronny Furre – om Motocross, livet som Elektrikar og Redsla for Hundar

Ronny Furre – om Motocross, livet som Elektrikar og Redsla for Hundar

I denne episoden får du bli kjent med Ronny Furre – fagleg ansvarleg i Årskog Elektro, og ein mann som held garasjen like rein som crosssyklane sine. Me snakkar om korleis det er å vere elektrikar i Sunnhordland, kvifor han valde handverksfaget, og kva som gjer baderomsprosjekt ekstra spennande.Ronny deler òg historier frå oppveksten, draumen om å bli snikkar, redsla for hundar og kva eit godt samarbeid i byggebransjen betyr. Velkommen til ein prat – om arbeidsglede, ansvar og kvifor det å bli elektrikar kanskje er det beste yrkesvalet du kan ta!Sponsor: Søreide Rør – Din lokale røyrleggjar 👍🏻Søreide Rør er ei røyrleggjarbedrift som er oppteken av gode resultat og nøgde kundar. Me tek på oss alt frå totalrenovering av bad til service på kranar og utskifting av toalett.Søreide Rør har òg 24-timars vakttelefon for tette røyr eller lekkasjar – både ute i grøft og inne i hus.Her finn du flinke fagfolk som kan både pusse opp bad og ta godt imot kundane, slik at dei kjenner seg ivaretatt og får eit resultat som er 100 %.Ta kontakt med Søreide Rør for ein hyggeleg prat – og for å realisera draumebadet ditt!🔗 Sjekk ut: https://soreideror.no for meir info.

16 Jun 38min

Vegard Røsland - om Fönt Häär, Sjølvmål, Bolsing og Bømlo Profil

Vegard Røsland - om Fönt Häär, Sjølvmål, Bolsing og Bømlo Profil

Møt ei ekte eldsjel frå Rubbestadneset: Vegard Røsland – fotograf, musikar, fotballtrenar og dagleg leiar i Bømlo Profil. Me snakkar om alt frå AI-genererte bursdagssongar og sjølvmål i Etne Cup, til bolsing, gitarjam og gründerliv i Bømlo Profil.  Klar for ein god dose lokalt pågangsmot, humor og ekte engasjement? Sponsor: Martech Marine AS – Ekspertar på kompositt!Martech Marine reparerer alt som er laga i glasfiber og karbonfiber – raskt, solid og løysingsorientert. Anten det gjeld hurtigbåtar, oppdrettsbåtar eller anna utstyr og fartøy, står dyktige fagfolk klare til å hjelpa.Martech Marine har ei reiseavdeling som dekkjer heile Noreg med fullt utstyrt verkstadbil – dei kjem dit jobben er!I tillegg sel dei polyester, glasfiber og alt anna du treng viss du vil byggja eller reparera sjølv.Martech Marine kombinerer lang erfaring med høg presisjon – og dei likar utfordringar!Stor skade eller lita jobb? Martech Marine fiksa det!📱 479 06 868📧 svein@martechmarine.no

9 Jun 39min

Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

Christian Fitjar Dahl brenn for å vise fram det beste Sunnhordland har å by på. Han er ein av dei som står bak både  Sunnhordland Adventure og Fjordeventyret. No er han i ferd med å lose dei første cruiseturistane i land på Lervik og rundt i Sunnhordland. I denne episoden får du høyre om korleis det heile starta med eit uformelt møte på MS Sunnhordland og utvikla seg til eit omfattande samarbeid mellom lokale aktørar. Christian deler ærleg om spenninga knytt til logistikken, draumen om å skapa regional verdiskaping – og kvifor han har jobba dugnad med dette prosjektet i to år.Du får også høyre meir om:Favorittperlene i Sunnhordlands vakre skjærgårdKorleis ein god RIB-tur blir til (og kva ein RIB eigentleg er)Tips til deg som vil ut på sjøen i sommar – og korleis du bør førebu degEngasjementet hans i Redningsselskapet og etableringa av Sjøkompetanse ASKva cruiseturistar faktisk skal få oppleva når dei går i land på StordBli kjent ei ekte eldsjel, full av entusiasme, lokal stoltheit og praktisk gjennomføringsevne. Ein episode som garantert vil gi deg nye perspektiv på kor mykje spennande som skjer – og kor mykje potensial som ligg i vår region.Og hugs: Smil og sei hei til turistane som kjem på besøk!Sponsor: Stord Apartments Stord Apartments er ein leiande aktør innan bustadutleige for bedrifter i Sunnhordland. Sidan starten i 2021 har Stord Apartments bygd opp ein portefølje på over 100 bustader, og meir enn 50 ulike bedrifter stolar på deres overnattingsløysingar. Stord Apartments er for tida på jakt etter nye, sentralt plasserte bustader på Stord. Med Stord Apartments som leigetakar blir utleigeprosessen både enkel og effektiv – dei tek ansvar for heile prosessen frå A til Å.Sjekk ut https://stordapartments.no for meir info.

2 Jun 40min

Liene Tolka - Kirkens Bymisjon på Stord – 15 år med arbeid for Menneskeverd og Fellesskap

Liene Tolka - Kirkens Bymisjon på Stord – 15 år med arbeid for Menneskeverd og Fellesskap

Kirkens Bymisjon på Stord fyller 15 år! Liene Tolka, Tiltakskoordinator Aktivitetshuset Stord, deler både historia til Bymisjonen og si eiga reise frå Latvia via Finnmark – og til Dåfjorden. Ho fortel varmt om kvardagen i Bymisjonen, kvifor møteplassar og arbeidstilbod betyr så mykje for folk, og korleis lysverkstad og gaterydding kan gi ny meining i livet.Sponsor: Stord Tannregulering Stord Tannregulering har no eit tilbod om gratis konsultasjon for vaksne over 20 år – fram til sommaren.Har du vurdert å endra på smilet ditt? Då er det lurt å bestilla time hos Stord Tannregulering i dag.Dei tilbyr usynleg tannregulering med klossar på baksida av tennene, eller nesten usynlege plastskinner som flyttar på tennene.Vel du å gå vidare med behandling, får du med gratis tannbleiking etterpå.Sjekk ut stordtannregulering.com og bestill gratis konsultasjon i dag!

26 Mai 41min

Rune Sandvik – om Framtidsretta Fiskeoppdrett i Sagvåg, Bondeliv og Leiarskap

Rune Sandvik – om Framtidsretta Fiskeoppdrett i Sagvåg, Bondeliv og Leiarskap

I denne episoden får du høyra historia bak Erko Settefisk i Sagvåg – eit moderne settefiskanlegg bygd på ny teknologi og framtidsretta drift. Me får òg bli betre kjent med daglig leder, Rune Sandvik, ein jordnær og engasjert leiar frå Fitjar. Rune deler om reisa med å byggja opp anlegget, utfordringar og stolte augeblikk, og ikkje minst tankar om havbruket si framtid.Sponsor: Alde AkvaAlde Akva er eit rådgivingsmiljø med 15 tilsette som byggjer eit sterkt kompetansehus innan akvakultur.Alde Akva har hovudkontor på Stord og kontor i Haugesund, Trondheim og Tromsø.I år feirar dei 5-årsjubileum!Med spisskompetanse innan planlegging og gjennomføring av prosjekt i fiskeri- og havbruksnæringa, tilbyr Alde Akva prosjekteringstenester som sikrar optimale og kostnadseffektive prosessar –frå forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftssett anlegg.Sjå nettsida http://aldeakva.no for meir informasjon.Stor takk til Alde Akva for at dei ville sponse denne episoden!

19 Mai 33min

Tonje Stautland - om Vektnedgang, Sjølvbilde og Balanse i kvardagen

Tonje Stautland - om Vektnedgang, Sjølvbilde og Balanse i kvardagen

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Tonje Stautland – kanskje betre kjend som tonje.trener på Instagram. Her deler ho ærleg og ope om livet sitt: om opp- og nedturar, vektnedgang, spontanabortar, sjølvbilde, og kvardagsglede.Det heile starta med ein impuls og eit lite dytt frå ei veninne – og i mai 2023 trykte ho «opprett konto». No har ho skapt ein kanal som har blitt både friplass og fellesskap – og ein inspirasjon for mange. Me får høyra om kva Instagram betyr for henne, korleis ho har jobba med trening og overspising, og kor viktig det er å finne balanse i både kropp, kvardag og kosthald.Tonje fortel òg om kor krevjande det er å vere open utan å bli for privat – og om kvifor ho ønskjer å vere eit ekte og realistisk alternativ til dei «perfekte» profilane der ute.Dette er ei episode full av liv, varme, refleksjon og humor – og me trur du kjem til å bli både rørt, inspirert og motivert.🎙️ «Eg er ikkje i mål, men her er vegen min. Og du kan få bli med.» – TonjeSjekk ut: https://www.instagram.com/tonje.trener/Sponsor: B3 HelseB3 Helse på Heiane er eit lite helsesenter med eit breitt tilbod.Dei tilbyr hjelp til deg som har smerter, treng å kome i gang med trening, eller ønskjer å forbetra treningsvanane dine.Dei kan òg bidra med støtte i målsettingsarbeid, motivasjon, eller gi fagleg rettleiing om du har plager knytt til kvinnehelse.Bestill time på nett via b3helse.no eller gjennom forsikringsappen din.Bli betre med B3!

12 Mai 42min

Grzegorz Gregor Gorczynski - LEGO, Gründerliv og Nye Eventyr

Grzegorz Gregor Gorczynski - LEGO, Gründerliv og Nye Eventyr

Grzegorz Gregor Gorczynski reiser land og strand rundt med tusenvis av legoklossar – og ein draum: Å byggje relasjonar, inspirere til kreativitet og spre ekte livsglede. Gregor kom heilt til finalen i Lego Masters Norge, har starta eiga verksemd med "Gregorski Brickworld", og no er han tilbake i studio!I denne episoden får du høyra:Korleis livet endra seg etter Lego MastersKva han drøymer om for framtida (og kva han ville bygd med ubegrensa Lego-budsjett!)Kvifor han satsa på Lego Serious Play – og kva som skjer når vaksne og barn får uttrykkja seg med klossar i staden for ordOm å vere gründer, LEGO-lærar på kulturskule, og bruke Lego i både skule og næringsliKva han lærer av barna han møter – og kvifor han brenn for å løfte neste generasjonSponsor: SubshoreSubshore tror på kraften i å bry seg. Små handlinger kan skape store ringvirkninger – enten det handler om å støtte andre, dele kunnskap eller ta initiativ. Bygget på verdiene: vær positiv, støtt andre, ta initiativ, del kunnskap og gi anerkjennelse, står Subshore for fellesskap, utvikling og samhold.  Vi er sterkere sammen – når vi heier på hverandre, bygger vi et samfunn der flere får muligheten til å skinne. Det er derfor Subshore er med på å støtte initiativer som Sunnhordlandpodden, som fremmer mennesker som utgjør en forskjell.  Husk: Det betyr noe å bry seg!

5 Mai 43min

Populært innen Business og økonomi

stopp-verden
dine-penger-pengeradet
rss-penger-polser-og-politikk
e24-podden
rss-borsmorgen-okonominyhetene
finansredaksjonen
pengepodden-2
pengesnakk
tid-er-penger-en-podcast-med-peter-warren
livet-pa-veien-med-jan-erik-larssen
utbytte
morgenkaffen-med-finansavisen
stormkast-med-valebrokk-stordalen
aksjepodden
rss-sunn-okonomi
okonomiamatorene
lederpodden
rss-markedspuls-2
rss-rettssikkerhet-bak-fasaden-pa-rettsstaten-norge
rss-andelige-tanker-med-camillo