Svein Arne Sørgård – om Sommerfestivalen Espevær, Gründerliv og Teknologi

Svein Arne Sørgård – om Sommerfestivalen Espevær, Gründerliv og Teknologi

Svein Arne Sørgård har fartstid frå verdsleiande selskap som Sony, Universal og UFC, og har jobba tett på teknologi, musikk og business i storbyar som Las Vegas og Nanjing. No har han landa midt i havgapet – på den vesle perla Espevær– og byr på sommarens hyggelegaste festivaloppleving!

I denne episoden tek han oss med frå barndommen i Kirkenes og DJ-jobb på 80-talet, til livet som gründer, utviklar og no festivalskapar.
25. og 26. juli 2025 inviterer han heile familien til Sommerfestivalen Espevær – ein inkluderande folkefest fylt med musikk, god mat, aktivitetar, fellesskap og ekte øystemning.

🎶 Her møter du DJ Walkie, Elias-båten, smakfull røykelaks, lokalmat frå Jæren – og aktivitetar for store og små. Alt samla i det unike festivaluniverset A Walk in the Park, som for første gong kjem til Espevær!

Vi snakkar òg om livet som gründer, om å byggje noko varig – og om å brenne for at barn, unge og familiar skal få opplevingar saman utan at lommeboka må blø.

🗓️ Festivaldatoar: 25.–26. juli 2025
🎟️ Billettar: hoopla.no
📲 Følg festivalen på Facebook: Sommerfestivalen på Espevær


Sponsor: Subshore - https://subshore.no

Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera ein forskjell – for menneske, miljø og lokalsamfunn. Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, har dei eit sterkt engasjement for å byggja eit varmt og inkluderande samfunn.

Difor er Subshore stolte av å støtta Sommerfestivalen på Espevær – ein lågterskelfestival for heile familien, full av glede, fellesskap og gode opplevingar. Festivalen speglar mange av dei same verdiar som Subshore sjølv står for.

Og ikkje minst: Dei som jobbar på festivalen, gjer det iført eigne Bry deg-t-skjorter – ein synleg påminning om kva slags kultur både festivalen og Subshore ønskjer å skapa. Ein kultur der ein ser kvarandre, heiar på kvarandre og gjer kvarandre gode.

Gjennom slike samarbeid bidreg Subshore aktivt til å forma eit berekraftig og omsorgsfullt samfunn – både for oss som lever no, og for generasjonane som kjem.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(413)

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handl...

8 Jun 28min

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom?I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå...

1 Jun 47min

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv...

25 Mai 36min

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege.Christian André har over 24 år bak...

18 Mai 36min

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt.Sigrun deler o...

11 Mai 54min

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista

Magdalena Buchwald Vikanes & Elva Björk Margeirsdóttir brenn for leik, fellesskap og kvalitetsleiker. No har dei opna Leikekista i Borggata på Stord – ein møteplass for småbarnsfamiliar, med leikekafé...

4 Mai 1h 11min

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram

Kristin Straume Normann, best kjend som Berre Kristin, deler små setningar med stort innhald – om håp, sorg, angst, glede, tru, skriving og det å finna si eiga stemme.I denne episoden fortel ho om opp...

27 Apr 47min

Kjell Storelid og Henning Nordfonn – om ishall, dugnadsånd, pågangsmot og det å skapa noko saman

Kjell Storelid og Henning Nordfonn – om ishall, dugnadsånd, pågangsmot og det å skapa noko saman

Kva er eigentleg mogleg å få til når folk dreg i lag, held ut over tid og nektar å gi opp ein draum?I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Kjell Storelid og Henning Nordfonn til ein inspirera...

20 Apr 1h 7min

Populært innen Business og økonomi

stopp-verden
dine-penger-pengeradet
lydartikler-fra-aftenposten
e24-podden
rss-penger-polser-og-politikk
rss-borsmorgen-okonominyhetene
pengepodden-2
rss-pa-konto
rss-skravla-gar
utbytte
pengesnakk
finansredaksjonen
tid-er-penger-en-podcast-med-peter-warren
morgenkaffen-med-finansavisen
livet-pa-veien-med-jan-erik-larssen
stormkast-med-valebrokk-stordalen
okonomiamatorene
liberal-halvtime
rss-markedspuls-2
rss-politisk-preik