Om episode
Om lag ein av fire nordmenn blir ramma av angst i løpet av livet. Viktoria Aksnes (32) er ein av dei. På vidaregåande sleit ho med anoreksi, angst og alkohol, og 18 år gammal vart ho pasient i psykiatrien. I denne episoden fortel Viktoria, som i dag er kostymedesigner for den berømte veslesøstera Aurora, om sin veg ut av angsten. Journalist: Kjersti Mjør Produsent: Anna Ofstad og Arve Stigen