Om episode
20 år gammal vart Pål Berrefjord kalla eit «statsministeremne». Han var ein komet i bergenspolitikken, og som fylkesleiar i AUF var han ambisiøs og kompromisslaus. Som 24-åring vart han utnemnt til tidenes yngste politiske rådgivar for næringsministeren, og ambisjonane vaks. Men så kom nedturen. Journalist: Kjersti Mjør og Tonje Aursland Produsent: Tonje Aursland