Om episode
Svalbardtraktaten er dokumentet som gjev Noreg råderett over Svalbard. Av mange vert den skildra som eit diplomatisk meisterverk, men den har og gjeve Noreg trøbbel i hundre år. Og no vert kanskje situasjonen meir tilspissa - og då må kanskje vi nordmenn innsjå nokre leie sanningar om oss sjølve. Christopher Rossi er professor hjå Institutt for samfunnsvitskap. I juni var han ein del av UiT sitt årlege Outreach tokt, kor toppforskarar frå universitetet reiser med forskingsskuta Helmer Hansen til Svalbard. Dette er eit opptak av førelesinga han heldt mens skuta var ankra opp i Kongsfjorden, utanfor Ny-Ålesund.