Om episode
Regjeringskvartalet er okkupert av demonstrantar. Fosen-saka er blitt eit enormt dilemma for regjeringa, og i denne episoden får du dei viktigaste momenta oppsummert. Me snakkar også om boka som riv opp gamle sår i Arbeidarpartiet, og sluttar ikkje å la oss sjokkere av ukulturen kvinner er utsett for. Vekas «Å Vestland» handlar om korleis regjeringa i skjul har bestemt å bygge ned Bergen. Produsent: Henrik Svanevik