Om episode
Bybanen i Bergen blir minst fem milliardar kroner dyrare enn forventa. Det kan vere ei ekte krise. Ekte krise er det også på Sørlandet, der kommunedeling skapar splid i Arbeidarpartiet. Spørsmålet skaper også litt splid i «Nokon må gå»-studio, men heldigvis kan alle einast om at Erna Solbergs tur på Tivoli med VG på slep var merkeleg lesnad. Og Å Vestland handlar sjølvsagt om det nitriste sommarvêret. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord, Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK