Om episode
Det er tre år sidan han knekte bergenspolitikken, akkurat som Kim Kardashian knekte internett. I denne spesialepisoden av «Nokon må gå» fortel Aafløy om vegen frå å starte ei Facebook-side til å bli eitt av Bergens mest kjente fjes. Korleis var det å hamne i medias søkelys, og får Bergen sjå meir til Trym Aafløy? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe