
Miniepisode: Montenegro 2019
Vi mimrar tilbake til studenttida då vi levde korlivets glade dagar, og stiller det vanskelege spørsmålet: Er all vokalgruppemusikk kleint, eller berre det Montenegrinske bidraget til ESC 2019? Kontakt oss gjerne på Twitter eller Instagram @12poeng, eller skriv eit e-brev til podcast@12poeng.no
1 Apr 201915min

Miniepisode: Kviterussland 2019
Vi byrjar første semifinale i landet som gav oss Alexander Rybak. Her er det kvite bukser og lave forventningar til engelsk uttale, dessutan suspekt oppførsel i nasjonale finaler. Følg oss på Instagram og Twitter @12poeng eller skriv eit brev til podcast@12poeng.no
29 Mar 201918min

12 Poeng: Pilotepisode
Hanne og Lars dukkar opp og førebur seg på å dominere Eurovision-debatten i lang tid framover. Første episode er prega av ordsnubling, blanding av personlege pronomen, Celine Dion-beundring og dissing av Sverige og Finn Kalvik. Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller Instagram, eller på podcast@12poeng.no.
29 Mar 201913min





















