
Polen 2021: Rafał - The Ride
Den polske ESC-historia toppa seg tidleg og har vore jamnt under middels ei stund. Kan årets bidrag løfte landet opp frå den evige 17.-plassens dal? Også i denne episoda: Kanne Kalse viser seg å ha fleire sider enn vi trudde.
30 Mar 202126min

Malta 2021: Destiny - Je Me Casse
Vi prøver oss på maltesisk, det går dårleg. Ikkje bruk oss som maltesisk-kurs. Malta prøver seg på seier i år, mange veddemålsekspertar held det for sannsynleg. Kva seier ekspertane i 12 Poeng?
26 Mar 202120min

Moldova 2021: Natalia Gordienko - Sugar
Ein suggererande song frå Moldova i år, og den mest sexy sendinga av 12 Poeng på lenge, kanskje nokonsinne! Se bildene! I hovudet ditt, dette er ein podcast.
21 Mar 202121min

Georgia 2021: Tornike Kipiani (თორნიკე ყიფიანი) - You
Hanne er litt av ein spøkefugl i dag (også)! Korleis trur de Lars reagerer? Og kva med Georgia, då, dei som alltid sender noko annleis og spanande, kva har dei funne fram til oss i år? Litt sånn lotto med land som liker å skilje seg ut... Pluss sjokkerande nyhende frå Europas (mellombels) siste diktatur, Kviterussland.
18 Mar 202127min

Kroatia 2021: Albina - Tick Tock
Bli med Hanne og Lars både inn i ein draum og ut på ein jomfrutur!
16 Mar 202121min

Spania 2021: Blas Cantó - Voy a quedarme
Morsmålpoeng ja, velproposjonerte trekk ja, bra falsett ja, men held dette for den lengsttapande nasjonen i Europa? Bør Spania setje inn eit ekstra gir snart, eller er 62+ år mellom kvar siger greitt nok for eit land som ikkje treng å delta i semifinaler? 12 Poeng tør å stille dei vanskelege spørsmåla. Og snakke dei vanskelege språka.
8 Mar 202119min

Litauen 2021: The Roop - Discoteque
Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/ Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/ Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss Kva song er det eigentleg denne minner oss om? Lars er rekonvalesent etter sin første koronatest (som var negativ, slapp av, denne podcasten er smittefri) og vi møter den første reelle konkurrenten i år: Baltikums attpåklatt Litauen og fjorårets vinnarhåp The Roop. Drikkeleik: Ta ein shot kvar gong Hanne seier "kult" i denne episoden. Nei, ikkje gjer det, vi er ikkje økonomisk, juridisk eller moralsk ansvarlege for det.
5 Mar 202123min

Tyskland 2021: Jendrik - I Don't Feel Hate
"Overraskande" nok har vi også denne gongen mykje å seie på artistnamnet - Tyskerane har i år tydelegvis sendt ein artist frå Moltustranda. Hanne har meiningar om nasjonale finaler. Lars er så og seie Justin Timberlake.
2 Mar 202119min





















