
Ukraina 2020
Vi ynskjer vår gamle ven og nye podcasttema Ukraina tilbake til konkurransen med fleire nittitalsreferanser, meir eller mindre planlagde songinnslag og utruleg dårlege vitsar.
17 Mar 202021min

Frankrike 2020
Dette nydelege dropset frå Frankrike har det kanskje meir i fjeset enn i halsen, men med god svenskehjelp og rikelege modulasjonar må det jo bli ein innertiar, eller? Hanne og Lars viser sine skjønnheitshatande sanne ansikt og laderer stakkars Tom i eit solid kvarter berre fordi han er dødspen. Eller ligg det meir bak? Følg med og sjå.
13 Mar 202017min

Litauen 2020
I ei av våre meir friassosiative episoder er vi innom det meste, frå The Julekalender til den gongen vi ufrivillig øydela karrieren til eit lovande danseband. Alt dette dannar ramma rundt Litauen sitt beste forsøk i ESC på... vel, alltid, kanskje?
9 Mar 202025min

Norge 2020
Ei internasjonal superstjerne, ein tidlegare topp 10-finalist i ESC og ein knakande god vokalist har skrive den norske songen i år. Er dette oppskrifta på suksess, eller gjorde stemmerotet i MGP at det blir umogleg for Norge å hevde seg internasjonalt?
6 Mar 202022min

Armenia 2020
Hanne skulle ønske at Lars var freestylerappar. Lars skulle ønske han var litt meir prinsippfast. Athena skulle ønske ho var Beyoncé, men alle kan ikkje få viljen sin heile tida.
4 Mar 202016min

Jahn Teigen til minne
Vi prøver på vårt fattige vis å oppsummere og samanfatte karrieren til den største norske MGP-artisten gjennom tidene. Vi ser på alle bidraga til Jahn Teigen og minnest ei kjempe i norsk musikkliv.
29 Feb 20201h 31min

Italia 2020
Synst DU at MGP er for lite komplisert? Saknar du ein todelt folkejury samt to juryar til? Pluss tre månader med delfinaler for å kåre bidrag som ikkje er med i konkurransen? Synst du det norske demokratiet fungerer for godt? Likar du å bytte statsminister kvar fjortande dag? Då er Italia landet for deg*! *Tilbodet inkluderer innbarka misogynistisk kultur samt ein god del høgreekstremisme!
28 Feb 202023min

Latvia 2020
Kva får du viss du klistrar godterilepper på ei ung Anastacia og skrur volumet til maks samt tida tilbake åtte år? Svaret får du i dagens 12 poeng!
24 Feb 202016min





















