Om episode
I dag blir vi presenterte for eit eklektisk utval songar, og før du skriv ein rasande e-post til oss om at vi berre snakka om to bidrag i dag kan vi berolige deg med at joda, du har berre gløymt Irland sitt i midten der. Du gløymde det allereie medan du høyrde det, berre spol tilbake og sjekk, det er der. Kanne Kalse kjem med få og gamle nyhende og møter ein ny kollega. Hotellkapasiteten i Trondheim blir diskutert inngåande, på eit lokalgeografisk detaljnivå som sikkert er pirrande viss du ikkje er kjent i byen. Noko for ein kvar smak altså! #Norge #Alessandra #QueenOfKings #Irland #WildYouth #WeAreOne #Spania #Blanca #Paloma #EAEA