Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune.

Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar.

Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss? Korleis kan ein handtera overtenking og bekymringar? Og kva er eigentleg skilnaden på vanlege livsutfordringar og psykiske lidingar?

Du får også konkrete råd om korleis du kan ta vare på eiga psykisk helse, kvifor fysisk aktivitet og sosiale relasjonar er så viktige, og når det kan vera lurt å be om hjelp.

Ein viktig og aktuell samtale om psykisk helse, håp og korleis små grep kan gjera ein stor forskjell.


Sponsor: Bømlo ProfilTreng du arbeidsklede, profilklede, skilt, reklameartiklar eller hjelp med grafisk design? Då bør du ta turen innom Bømlo Profil i Hollundsdalen.Med eige showroom og ein engasjert gjeng på laget tilbyr dei alt frå logoar og visuell profil til arbeidsklede og profileringsprodukt for små og store bedrifter. Dei kan også byggja eigne nettløysingar for kundane sine, med portal der du enkelt kan bestilla utvalde produkt til di bedrift. I tillegg pakkar og leverer dei arbeidsklede direkte på arbeidsplassen dersom det er ønskjeleg.Bømlo Profil satsar på personleg service, raske leveransar og gode løysingar tilpassa di bedrift. Samstundes er dei opptekne av å sjå heile menneske – og dei veit at god psykisk helse er ein viktig del av ein god arbeidskvardag. Difor heier dei på initiativ som «Rask psykisk helsehjelp», som gjer det lettare å få hjelp når ein treng det.Ta kontakt med Bømlo Profil – dei har kaffien klar og hjelper deg gjerne med å synleggjera di verksemd.

Sjekk ut:


Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(414)

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handl...

8 Juni 28min

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom?I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå...

1 Juni 47min

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv...

25 Maj 36min

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege.Christian André har over 24 år bak...

18 Maj 36min

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt.Sigrun deler o...

11 Maj 54min

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista

Magdalena Buchwald Vikanes & Elva Björk Margeirsdóttir brenn for leik, fellesskap og kvalitetsleiker. No har dei opna Leikekista i Borggata på Stord – ein møteplass for småbarnsfamiliar, med leikekafé...

4 Maj 1h 11min

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram

Kristin Straume Normann, best kjend som Berre Kristin, deler små setningar med stort innhald – om håp, sorg, angst, glede, tru, skriving og det å finna si eiga stemme.I denne episoden fortel ho om opp...

27 Apr 47min

Populärt inom Business & ekonomi

framgangspodden
varvet
badfluence
rss-borsens-finest
uppgang-och-fall
avanzapodden
svd-tech-brief
rss-dagen-med-di
24fragor
lastbilspodden
fill-or-kill
borsmorgon
tabberaset
rss-inga-dumma-fragor-om-pengar
kapitalet-en-podd-om-ekonomi
rss-kort-lang-analyspodden-fran-di
bathina-en-podcast
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
montrosepodden
rss-hos-psykologen