Tidenes jærbu: Garborg eller Haaland?

Tidenes jærbu: Garborg eller Haaland?

Kven er eigentleg størst av Garborg og Haaland?

I denne episoden kastar vi oss rett inn i ein uventa duell mellom to jærske profetar – på kvar si side av historia.

I det eine hjørnet: Arne Garborg. Språkbyggjaren, tenkjaren, nasjonsformaren frå Jæren.

I det andre hjørnet: Erling Braut Haaland. Målmaskina som har sprengt grenser og blitt ei av dei største stjernene i verdas største idrett – ein moderne jærsk Samson.

Då jærbuane i 2023 kåra «tidenes jærbu», var det Garborg som gjekk av med sigeren. Ein litterær David som slo ein global fotball-Goliat. Riksmedia elska forteljinga.

Men på Jæren? Kanskje var det ikkje så overraskande likevel.

Så kva seier dette om oss? Kan ein i det heile samanlikne ein diktar og ein fotballspelar? Og finst det eigentleg eit svar på kven som er størst?

Dagens gjest meiner i alle fall det er verdt å prøve. Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret er forfattar, lesevitar, formidlar – og kanskje ein liten oppviglar i denne samanhengen.

Velkomen til ein duell du ikkje visste du trong.


Podkastepisoden er eit liveopptak og var ein del av programmet på Jærdagen.

Programleiar er Christian Gilsvik.

Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.


Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(7)

Krigen: Den hemmelege jula hos Øglænd - eit augeblikk av fred

Krigen: Den hemmelege jula hos Øglænd - eit augeblikk av fred

I denne spennande episoden av Ting frå Jærmuseet dykker me ned i dei farlege okkupasjonsåra for å fortelja historia om to enkle, raude julekuler med utklipt kristtorn. Julekulene i Vitenfabrikkens mus...

11 Dec 202535min

Auksjonshammaren – sorg, pengar og pels

Auksjonshammaren – sorg, pengar og pels

For pelsdyrbøndene symboliserte slaget frå auksjonshammaren både uro og håp. I denne episoden av Ting frå Jærmuseet fortel me historia om norsk pelsdyroppdrett – frå glanstid til avvikling. Me ser til...

31 Okt 202529min

Jagerflygarar på Sola – spionasje og kald krig

Jagerflygarar på Sola – spionasje og kald krig

I den nye episoden av "Ting frå Jærmuseet" skal vi dykke ned i ein litt annleis og ganske farleg del av norsk historie – noko som ikkje vert snakka så mykje om: kvardagen til dei norske militærflygara...

19 Sep 202531min

Amerikafanen frå Gjesdal – lengsel og samhald

Amerikafanen frå Gjesdal – lengsel og samhald

Kva betyr eigentleg ei fane for dei som reiste frå Gjesdal til Amerika? I denne episoden av «Ting frå Jærmuseet» dykker vi ned i historia bak Amerikafanen frå Gjesdal – eit stolt symbol som samla utva...

4 Juli 202528min

Mysteriet om Arne Garborgs tresko

Mysteriet om Arne Garborgs tresko

I denne episoden av "Ting – frå Jærmuseet" får du høyre den utrulege historia om treskoa til Arne Garborg – eit par tilsynelatande enkle tresko som har reist lengre enn dei fleste jærbuar. Kva skjedde...

20 Juni 202523min

Snart kjem ny podkast frå Jærmuseet

Snart kjem ny podkast frå Jærmuseet

I denne podkasten får du høyra historiene om gjenstandane på Jærmuseet. I kvar episode vil ein av dei tilsette ved museet fortelja ei unik historie knytta til ein av tinga som me kan oppleva på Jærmus...

16 Juni 202533s

Populärt inom Historia

massmordarpodden
kod-katastrof
p3-historia
historiska-brott
sanna-berattelser
historiepodden-se
motiv
rss-massmordarpodden
rss-historien-om-2
olosta-mord
historianu-med-urban-lindstedt
rss-brottsligt
konspirationsteorier
krigshistoriepodden
nu-blir-det-historia
oforskamt-att-anta-gratisfeeden
rss-folkets-historia
militarhistoriepodden
palmemordet
harrisons-dramatiska-historia