Dag O. Hessen - Biologen som vart naturfilosof

Dag O. Hessen - Biologen som vart naturfilosof

Vi snakkar om den nye boka "Brefallet", kva vi mister med ein natur i endring, inspirasjonen frå vennen Thomas Hylland Eriksen, og forskaren sin plass i det postfaktuelle samfunnet


Dag O. Hessen har løfta fram tilhøyrigheit, identitet og kultur for å vise korleis ein natur i endring også endrar oss. Resultatet har blitt ein naturfilsofi der både natur og kultur er med. I denne samtalen snakkar vi om naturtrilogien hans, den siste boka "Brefallet", og inspirasjonen frå venn og kollega Thomas Hylland Eriksen. Og vi diskuterer: er det riktig av forskarar å delta i samfunnsdebatten, forstår menigmann forsking tilstrekkelig, og kvar bør grensene gå for kva akademikarar uttalar seg om?


Dag O. Hessen har vore den desidert ledande til å få biologi inn i den offentlige debatten i fleire tiår. Mellom anna gjennom ein heil stabel av toneangivande bøker - alt frå lærebøker, barnebøker og biografiar, fagorienterte populærvitskaplige bøker, til bøker som grensar mot filosofi og antropologi.

Han dukkar også stadig opp i formidling, TV, radio og podkastar av ymse slag. I tillegg til dette har han også fast jobb - som professor i biologi på Universitetet i Oslo, som ledar på senter for biogeokjemi ved Institutt for biovitenskap


No er han ute med ny bok - den tredje i ein trilogi som tematiserer naturendringane ikring oss og kva dei gjer med oss - i spennet mellom natur og kultur.

Den heiter “Brefallet”, og utforskar vårt forhold til dei mektige isbreane våre, og kva det har å seie for oss når desse no er i rask tilbakegang.

Dagens gjest er professsor Dag O. Hessen


Vi skal snakke om den nye boka hans, om naturtrilogien som prosjekt, om kvifor han vel å gå vekk frå det reint faglige, og drage inn menneska si lokale tilknytning i bøkene sine. Og vi skal snakke om rollen som forskar og biolog i offentligheita. Er det riktig av fagfolk å kaste seg inn i brennbare politiske diskusjonar som dei vi har om klimaendringar og naturtap. Eller bør dei holde seg på instituttet sitt og berre informere når dei blir spurt?


I ord for dagen hadde eg tenkt å reflektere litt over FrP sin nye klimastrategi. Men i anledning Konge Harald V sin død vart det eit minneord i staden. Eg lar meg tross alt lett engasjere.


Foto: © Foto: Anna-Julia Granberg BLUNDERBUSS

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(27)

Klaus Mohn og slutten på norsk olje

Klaus Mohn og slutten på norsk olje

Klaus Mohn er samfunnsøkonom, tildigare sjefsøkonom i Statoil, og rektor ved Universitetet i Stavanger. Han har argumentert tydelig for at norsk petroleumssektor må gå inn i aftenrøden. "Eg har ikkje ...

5 Okt 53min

Kan FN framleis redde klimaet?

Kan FN framleis redde klimaet?

Maria Mjaaland har vore delegat på fleire klimatoppmøte. Eg spør ho: kan FN framleis redde klimaet vårt? Ho spør meg tilbake: kva er alternativet? Denne veka har FN generalforsamling. Men internasjona...

28 Sep 54min

Eit år med indiepod

Eit år med indiepod

Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær.Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting. ...

21 Sep 8min

Metamorfosen av laksen og alt det merkelige som skjedde

Metamorfosen av laksen og alt det merkelige som skjedde

"Den nye fisken" er ein moderne miljøklassikara - ei analyse av den doble metamorfosen av oppdrettslaksen, og kystsamfunnet som fulgte med. Journalist og forfattar Simen Sætre snakkar om korleis endri...

14 Sep 47min

Lablekkasje, fugleinfluensa, bioterrorisme, fortrengte traumer  - kort sagt: pandemi

Lablekkasje, fugleinfluensa, bioterrorisme, fortrengte traumer - kort sagt: pandemi

[ein teknisk feil på opptaket er no retta]Eit fortrengt nasjonalt traume, generasjon korona, lablekkasje, bioterrorisme og fugleinfluensa. Ja det er nok å ta tak i når det er snakk om pandemi. Eg spør...

7 Sep 1h 16min

Men størst av alt er usikkerheita

Men størst av alt er usikkerheita

Korleis leve livet i ein verden som går av hengslene, og kva kan Afghanistan-veteranar lære oss om usikkerheit? Det spør eg Andreas Espetvedt Nordstrand om. Han er psykologspesialist, førsteamanuensis...

1 Juni 1h 20min

Djupøkologi - fundamental løysing på ei fundamental krise

Djupøkologi - fundamental løysing på ei fundamental krise

Miljøkrisa er fundamental, og krevjer fundamentale løysingar, seier professor i etikk Odin Lysaker. Djupøkologien er eit svar på dette. Alt liv som påverkst av miljøkrisa må rommast i demokratiet. Vi ...

25 Maj 1h

Populärt inom Utbildning

husmodern-med-amanda-schulman
rss-bara-en-till-om-beroende-medberoende
historiepodden-se
det-skaver
nu-blir-det-historia
rss-viktmedicinpodden
allt-du-velat-veta
harrisons-dramatiska-historia
not-fanny-anymore
rss-dr-bjorklund
roda-vita-rosen
johannes-hansen-podcast
sa-in-i-sjalen
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
rss-ai-med-jonas-benjamin
rss-foraldramotet-bring-lagercrantz
i-vantan-pa-katastrofen
sektledare
rss-max-tant-med-max-villman
rss-basta-livet