Javad El Bakali, Berit Reiss-Andersen og Yngvild Sve Flikke les Magnus Lagabøtes landslov
NB:arrangement14 Apr 2024

Javad El Bakali, Berit Reiss-Andersen og Yngvild Sve Flikke les Magnus Lagabøtes landslov

I år feirar vi Magnus Lagabøtes landslov. I denne lovsamlinga ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet i Noreg. Men kva står eigentleg i denne lovboka?


Landslova inneheld reglar som regulerer eigedomsrett, giftemål og skilsmisser, arv, æresvald og jakt og fiske – for å nemne noko. No har vi endeleg fått ei folkeutgåve av Landslova, omsett til moderne bokmål, og med rettleiande ordforklaringar, slik at alle kan lese og forstå ho.

Vi har gitt teksten til tre lesarar med svært ulik bakgrunn: satirikar og komikar Javad El Bakali, jurist og mangeårig leiar av Den Norske Nobelkomite Berit Reiss-Andersen, og filmregissør Yngvild Sve Flikke.

Denne kvelden møter dei kvarandre for å diskutere kor folkeleg dei meiner den nye utgåva av Landslova har blitt, og kva ho fortel om oss – på godt og vondt. Før lesesirkelen får du òg møte han som har brukt det siste året på å omsetje lovtekstane frå eldgamal tekst til moderne språkdrakt, historikar Jo Rune Ugulen Kristiansen.

Ordstyrar for kvelden er forfattar, journalist og norrønfilolog Carline Tromp.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Avsnitt(274)

Musikk på trykk. Finborud, Singh, Øverland Knudsen, Vinger og Emile The Duke.

Musikk på trykk. Finborud, Singh, Øverland Knudsen, Vinger og Emile The Duke.

Det å skrive om musikk er en krevende øvelse. Folk liker det de liker, og i dagens mediehverdag kan jo «alle» være kritiker. Men de som har lest gode tekster om musikk, vet at dette faktisk kan være like givende som å lytte til musikken. Spørsmålene melder seg så. Hvordan skriver man godt om musikk? Hvordan og hvorfor kan man beskrive og formidle musikalsk kvalitet med ord i 2018? Forfatter og kunstkurator Lars Mørch Finborud er musikkspaltist i Morgenbladet. Sandeep Singh har lenge skrevet om musikk i VG og er også tidligere kjent som Idol-dommer. Sammen med forlagssjef i Fanfare og tidligere artist Synne Øverland Knudsen møter de kulturjournalist og bladfyk Audun Vinger til samtale. Artisten Emile The Duke, også kjent som hverdagsskildreren «Aasen», har latt seg inspirere av kveldens tema og kommer for å fremføre ferskt materiale på sitt helt unike vis. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

30 Maj 20181h 4min

Tvisynt og framsynt. Vesaas, Grepstad og Haugen

Tvisynt og framsynt. Vesaas, Grepstad og Haugen

Nasjonsbyggjar og folkeopplysar. Moderne bladfyk og folkekjær poet. Profet for målsaka, og martyr i same rørsle. Alvorstung, og på same tid ein skøyar. Han kunne «graata med det eine Augat og læ med det andre.» Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) har sett tydelege spor etter seg både i eiga samtid og i det Noreg vi kjenner 200 år seinare. Biografien A.O. Vinje. Ein tankens hærmann av Olav Vesaas kjem i høve Vinje-jubileet i ny utgåve, og direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad har samla ein bibliografi over alle Vinjes skrifter. No møter dei Trond Haugen, fagansvarleg for Nasjonalbiblioteket si utstilling «Journalistikken – fridomens sjanger?», til samtale om Vinjes liv og virke, og korleis arven etter han lever vidare. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

15 Maj 201857min

Arkivert: Fra bedehus til Afrika. Sandmo, Sira Myhre og Okkenhaug

Arkivert: Fra bedehus til Afrika. Sandmo, Sira Myhre og Okkenhaug

«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» Slik lyder misjonsbodet i Matt 28,19. Og med desse orda i hjartet har nordmenn reist ut i nesten to hundre år for å frelse verda. Norske misjonærar sende brev heim om livet på framand jord, frå det svartaste Afrika eller det skumlaste Kina, og kyrkjer, bedehus og forsamlingar sende økonomisk og åndeleg støtte i retur. Misjonen sette sine spor på stadar som Madagaskar og Calcutta, men den var òg ein del av kvardagslivet i Noreg. No har Erling Sandmo og Aslak Sira Myhre invitert med seg misjonshistorikar Inger Marie Okkenhaug for å finne ut korleis nordmenn har blitt prega av åresal, lodd, vaflar og lysbilete frå misjonsmarka. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

11 Maj 20181h 3min

En matematisk begavelse. Jo Røislien om Niels Henrik Abel

En matematisk begavelse. Jo Røislien om Niels Henrik Abel

Allerede som 22-åring trådte Niels Henrik Abel (1802–1829) inn i de store matematikeres rekker med en liten avhandling som han lot trykke privat. Her beviste han at femtegradsligninger ikke generelt kan løses ved rottegnsuttrykk. Videre rakk Abel, før han døde av tuberkulose som 27-åring, å utføre arbeider om algebraiske ligningers teori, uendelige rekkers teori og elliptiske funksjoners teori, og han er dessuten kjent for det abelske addisjonsteorem, om integraler av algebraiske funksjoner. Jo Røislien er matematiker og professor i medisinsk statistikk, forsker og forfatter. Han har fått priser for sin formidling av kompliserte vitenskapelige emner til et stort publikum, og nå tar han for seg Abels liv og banebrytende matematiske forskning. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

24 Apr 201843min

Arkivert: Alexander Kielland. Aslak Sira Myhre, Erling Sandmo og Tore Rem

Arkivert: Alexander Kielland. Aslak Sira Myhre, Erling Sandmo og Tore Rem

Lapsete livsnyter, selskapsløve og aristokrat, og forfatteren bak de skarpeste skildringene av klasseskiller og sosiale skjevheter i norsk litteratur. Alexander Kiellands romaner tegner opp konflikten mellom den gamle tids verdier og konvensjoner, og det moderne samfunnet på slutten av 1800-tallet: tidens mest berømte levemann var også dens fremste kritiker. I vinterens to «Arkivert»-arrangementer leter Aslak Sira Myhre og Erling Sandmo i Nasjonalbibliotekets samling etter spor av fin de siècle – overgangen fra den gamle til den nye tid. Litteraturprofessor Tore Rem har skrevet om Kielland og hans krets i boken Forfatterens strategier, og nå møtes de tre til samtale om århundreskiftet og kiellandske kontraster. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

19 Apr 20181h 7min

Det personlege og det politiske. Helseth, Mehsen, Gunnes & Bru

Det personlege og det politiske. Helseth, Mehsen, Gunnes & Bru

Arrangement 13.3.2018 På 70-talet delte kvinner verda over sine erfaringar og sette dei i system under parolen «det personlege er politisk». Kvar står dette slagordet i dag? Er det integrert i politisk praksis, eller handlar dagens feminisme og kamp for kvinners rettar om noko anna? Sosiolog Hannah Helseth har forska på korleis muslimar argumenterer for kvinners rettar i norsk offentlegheit i dag. Stortingsrepresentant Tina Bru leier Høgres kvinneforum, og Nora Mehsen er kriminolog, samfunnsdebattant og likestillingsbyråkrat. Prest og performancekunstnar Gyrid Gunnes har skrive om feministisk preikepraksis i pamfletten Å forkynne Guds ord klart og urent. No møtest dei til samtale om feminisme før og no. ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

22 Mars 20181h

Kvinnekampens talerøyr. Brekken, Larsen, Wilhjelm & Fossum

Kvinnekampens talerøyr. Brekken, Larsen, Wilhjelm & Fossum

Arrangement 15.3.2018 Med kvinnerørsla på 70-talet vaks ei ny offentlegheit fram, med ei rekkje nye tidsskrift som skulle få kvinner i tale. Sirene blei raskt populært då det i 1973 kom som eit feministisk alternativ til vekeblada. To år etter etablerte Kvinnefronten sitt eige tidsskrift, der dei i større grad ville løfte fram kvinner i arbeidarklassa. Hanne Wilhjelm var ein av redaktørane for Kvinnejournalen og sat i landsstyret til Kvinnefronten. Astrid Brekken var med å etablere Nyfeministane og var blant initiativtakarane til Sirene, medan IdaLou Larsen sat i redaksjonen då bladet gav ut sitt siste nummer i 1983. No møter dei redaktør i Fett, Hedda Lingaas Fossum, til samtale om feministisk offentlegheit før og no. ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

22 Mars 20181h 3min

Kvinnerolla i norsk film. Breien, Løkkeberg & Bhar

Kvinnerolla i norsk film. Breien, Løkkeberg & Bhar

Arrangement 8.3.2018 Kvinnekampen på 70-talet skapte eit sterkt medvit rundt ei kvinnerolle i endring. Det gav gjenklang i kunsten, og i norsk film såg ein no ei meir nyansert framstilling av kvinner som aktørar. Vi har invitert to filmskaparar som var sentrale dette tiåret, og som utmerkte seg med kvinnepolitiske bodskap på lerretet. Anja Breien er blant dei best kjende regissørane i norsk film, med filmar som Hustruer, Arven og Den allvarsamma leken. Vibeke Løkkeberg har ofte tematisert kvinnelege erfaringar, og regisserte på 70-talet kortfilmar som Abort og Regn før spillefilmdebuten Åpenbaringen. No møter dei filmkritikar Oda Bhar til samtale om film og kvinnekamp. * Endring i program: Laila Mikkelsen måtte dessverre melde avbud til arrangementet. ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

22 Mars 20181h 1min

Populärt inom Samhälle & Kultur

mardromsgasten
podme-dokumentar
p3-dokumentar
en-mork-historia
aftonbladet-krim
badfluence
rattsfallen
nemo-moter-en-van
skaringer-nessvold
creepypodden-med-jack-werner
killradet
blenda-2
flashback-forever
hor-har
kod-katastrof
vad-blir-det-for-mord
aftonbladet-daily
varvet
rysarpodden
p3-dystopia