Ungdomssøvn
Søvnpodden14 Juni 2024

Ungdomssøvn

Ungdom som kjem i puberteten opplever endringar i søvn og døgnrytme. Det blir vanskeligare å kome seg i seng om kvelden, og ikkje minst å kome seg opp om morgonen. Skuldast det her berre dårlege val og feilprioritering?

I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvn og døgnrytme i ungdomstida, og vi diskuterer hva ungdom sjølv kan gjere, korleis foreldre kan hjelpe, og kanskje viktigast - korleis vi som samfunn kan leggje til rette for at ungdom skal få nok søvn.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Avsnitt(27)

Når babyen ikkje søv...

Når babyen ikkje søv...

Ingenting er meir fortvilande for nybakte foreldre enn enn at dei søte små ikkje søv. Det er heilt normalt at dei aller minste er mykje våkne om natta, og det går seg vanligvis til i løpet av det første halvåret. Men kva når det ikkje gjer det?Psykolog og firebarnsmor Turid Leksbø snakkar med oss i Søvnpodden om korleis du kan lære dei små barna gode søvnvaner - og ikkje minst kva utslitte og desperate foreldre kan gjere når søvn blir eit problem. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

1 Feb 202452min

Eg er ikkje lat, eg er B-menneske

Eg er ikkje lat, eg er B-menneske

Kvifor er det slik at A-menneske har lov til å skrangle rundt på kjøkkenet om morgonen, medan B-menneska søv, samtidig som B-menneska må liste seg rundt om kvelden for at A-menneska skal få skjønnhetssøvnen? Kven er det som har bestemt når dagen skal starte, og at 5-am morning-routine er ein god ting? Søvnpodden har tatt ein prat med Synne, eit B-menneske som fortvilar over manglande forståing. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

17 Jan 202440min

Sliter du med søvnen?

Sliter du med søvnen?

Har du problem med søvnen? Då er ikkje du åleine!Så mange som ein fjerdedel av folket rapporterer om kroniske søvnproblem. Det er over ein million nordmenn det!I denne første episoden av Søvnpodden har vi invitert sjefen vår, professor og søvnlege Bjørn Bjorvatn, til å snakke om små og litt større søvnproblem, kva du kan gjere med det, og kor du kan få hjelp. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

17 Jan 202434min

Populärt inom Vetenskap

dumma-manniskor
p3-dystopia
svd-nyhetsartiklar
paranormalt-med-caroline-giertz
allt-du-velat-veta
rss-vetenskapligt-talat
det-morka-psyket
rss-ufobortom-rimligt-tvivel
dumforklarat
rss-i-hjarnan-pa-louise-epstein
rss-personlighetspodden
kapitalet-en-podd-om-ekonomi
medicinvetarna
rss-vetenskapsradion
rss-vetenskapspodden
rss-vetenskapsradion-2
sexet
bildningspodden
rss-ronden
vetenskapsradion