Anne Lise Haukås – om Helse, Fitjar og Fastlegekrisa

Anne Lise Haukås – om Helse, Fitjar og Fastlegekrisa

Anne Lise Haukås er fastlege og kommuneoverlege i Fitjar. Ho deler historia si, frå medisinstudiet i Bergen til turnusteneste på Haukeland og distriktslegepraksis i Finnmark, før familien flyttet til Fitjar i 2023.

Anne Lise fortel om kvardagen som fastlege, korleis ho balanserer arbeidskvardagen, og kvifor ho brenn for folkehelse.

Ho gir innsikt i utfordringane og moglegheitene i Fitjar-samfunnet, og reflekterer rundt fastlegekrisa og kva som må til for å sikre ei berekraftig helseteneste framover.

  • Kva betyr det å flytte til ein ny stad, bygge nettverk og engasjere seg i lokalmiljøet?
  • Korleis kan me som enkeltpersonar ta betre helseval?

Dette – og mykje meir – får du høyre om i denne episoden av Sunnhordlandpodden.


Støttespelar: Fitjar Kraftlag

Denne episoden er laga med støtte frå Fitjar Kraftlag. Kvart år deler Fitjar Kraftlag ut støtte til ålmennyttige tiltak, og eg er svært takksam for at dei ville bidra til produksjonen av Sunnhordlandpodden. Kjekt at dei ser verdien av framsnakk!

Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør, eigd av fitjarbuen sjølv og andre medlemmar i kraftlaget. Overskotet frå kraftlaget kjem lokalbefolkninga på Fitjar til gode gjennom utdeling av ålmennyttige midlar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.


Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(427)

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Kva skal du tenkje på før du skaffar deg hund? Og kva er eigentleg forskjellen på ein søt hund og ein hund som passar inn i livet ditt?I denne episoden møter du Sandy Haugland, dama bak Kennel Kysthyr...

14 Sep 43min

Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral

Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral

Korleis får du ein bil til å skinne? I denne episoden møter du Sveinung Nitter Jr. – ein mann med mykje energi, mange jern i elden og eit brennande engasjement for det han driv med.Sveinung fortel om ...

7 Sep 1h

Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy

Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy

Tormod Myklebust frå Uskedalen har levd eit liv med arbeid, tru, familie, bedehus, bondegard og eit sterkt engasjement for menneske i Ukraina. I denne praten får du høyre om oppveksten, livet som bond...

31 Aug 1h 26min

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk.Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygn...

24 Aug 55min

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

28.-29. august blir Moahagen igjen gjort om til kongsgard når «Håkon den gode kongen» vender tilbake til Fitjar.I denne episoden møter du Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg, som tek oss med bak kulissan...

17 Aug 51min

Kjell Magnus Økland - Naust til folket

Kjell Magnus Økland - Naust til folket

Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilna...

10 Aug 1h 3min

Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisje...

3 Aug 39min

Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i.I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdomm...

27 Juli 48min

Populärt inom Business & ekonomi

framgangspodden
varvet
rss-jossan-nina
rss-borsens-finest
svd-tech-brief
24fragor
avanzapodden
uppgang-och-fall
badfluence
rss-inga-dumma-fragor-om-pengar
lastbilspodden
fill-or-kill
rss-dagen-med-di
rss-kort-lang-analyspodden-fran-di
rss-wallnor-pm
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
bilar-med-sladd
tabberaset
borsmorgon
kapitalet-en-podd-om-ekonomi