Kathrine Nedrejord: «Eg vil kalle den ein ‘page turner’»
Leselaget5 Feb 2025

Kathrine Nedrejord: «Eg vil kalle den ein ‘page turner’»

Andre gjest i Leselaget er forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord. I podkasten fortel ho om forholdet sitt til russisk litteratur. Ho hugsar spesielt godt møtet med Lev Tolstojs Krig og fred. Ho elska den! "Det var ein skikkeleg ‘page turner’ for meg. Den kan eg hugse levde med meg på ein ferietur, der eg kvar dag var halvvegs i Portugal og halvvegs i 1800-talets Russland. Ei fantastisk leseoppleving. Eg er jo frå Finnmark, og føler at det er nokre overlapp i kultur. At eg ofte kjenner meg igjen i den russiske veremåten."


Nikolaj Leskov hadde ho høyrt om, men ikkje lese før Leselaget tok kontakt. Lady Macbeth frå Mtensk er også ein ‘page turner’, meiner Nedrejord.

"Det plar vere eit dårleg teikn i desse klassikarane med ei kvinne som kjeder seg." For hovudpersonen Katerina blir det ikkje eit eventyr der ho og elskaren Sergej lever lykkeleg alle sine dagar. Det blir eit blodbad. Og sjølv om Kathrine Nedrejord likte boka, og meiner Lady Macbeth frå Mtensk er både velskriven og spanande, så kjem ho med eit hjartesukk: - Eg kan bli litt irritert over at kvinnene i verdslitteraturen skal bli straffa så valdsamt for å ha begjær! Katerina gjer forferdelege ting, sjølvsagt. Men kvifor endar det hakket betre for Sergej? Kvifor har han fortent det?


Nedrejord hadde ingen å snakke med om Krig og fred, den ferien ho var djupt inne i den historia. Derfor:

– Det er bra det finst sånne ting som Leselaget, sånn at ein kan diskutere litteraturen, slår ho fast.


Mot slutten av podkasten handlar det om Nedrejords eigen romanen Forbryter og straff, som har ein tittel som peiker mot eit anna russisk storverk frå litteraturhistoria. Denne roman blir no til teater på Det Norske Teatret.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(13)

Siste leveår med Inger Johanne Sæterbakk (3:3)

Siste leveår med Inger Johanne Sæterbakk (3:3)

Olav Duun-entusiast og språkkonsulent ved Det Norske Teatret, Inger Johanne Sæterbakk er gjest i siste episode av Leselaget. Ho har lese tredje band i Medmenneske-trilogien, Siste leveår frå 1933. No ...

9 Apr 41min

Ragnhild med Ameli Isungset Agbota (2:3)

Ragnhild med Ameli Isungset Agbota (2:3)

Skodespelar Ameli Isungset Agbota speler rolla som Ragnhild i framsyninga Medmenneske, som går på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I denne samtalen snakkar ho med Ingrid Weme Nilsen om korleis det g...

20 Mars 33min

Medmenneske med Johannes Holmen Dahl (1:3)

Medmenneske med Johannes Holmen Dahl (1:3)

Johannes Holmen Dahl er ein av Noregs mest meritterte regissørar. I 2026 har han dramatisert og hatt regi på Medmenneske, som no speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Han er første gjest i denn...

4 Mars 38min

Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun

Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun

I tredje sesong av podkasten Leselaget inviterer vi til å lese Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med! I 2026 er det 150...

27 Feb 1min

Revolusjon med Jonas Bals (5:5)

Revolusjon med Jonas Bals (5:5)

Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals. Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet t...

5 Feb 45min

Kjærleik med Monica Roland (4:5)

Kjærleik med Monica Roland (4:5)

Dagens gjest er Monica Roland, filosof og førsteamanuensis ved NTNU. Les Misérables er kjent for dei vakre skildringane av den romantiske kjærleiken som oppstår mellom dei to unge hovudpersonane, Cose...

28 Jan 41min

Forsoning med Kari Veiteberg (3:5)

Forsoning med Kari Veiteberg (3:5)

Dagens gjest er prest og teolog Kari Veiteberg, tidlegare prest i Kirkens Bymisjon og Oslo biskop emerita.Les Misérables er gjennomsyra av kampen mellom gode og vonde krefter. Karakterane kjempar óg m...

21 Jan 35min

Fattigdom  med Anna-Sabina Soggiu (2:5)

Fattigdom med Anna-Sabina Soggiu (2:5)

Dagens gjest er Anna-Sabina Soggiu, samfunnsdebattant og sosionom, kjent frå mellom anna TV-programmet Den norske fattigdommen med Thomas Seltzer og forfattar av boka Vi fattigfolk.Les Misérables hand...

14 Jan 45min

Populärt inom Samhälle & Kultur

podme-dokumentar
en-mork-historia
badfluence
p3-dokumentar
svenska-fall
gynning-berg
de-fyras-gang
aftonbladet-krim
creepypodden-med-jack-werner
skaringer-nessvold
tv4-nyheterna-story
rss-expressen-dok
spar
rss-hela-sanningen
killradet
hor-har
mardromsgasten
aftonbladet-daily
flashback-forever
kod-katastrof