Lea Qvistgaard - Butikksjef, fjellgeit og Brasiliansk jiu-jitsu-utøvar med store ambisjonar
SunnhordlandPodden24 Mars 2025

Lea Qvistgaard - Butikksjef, fjellgeit og Brasiliansk jiu-jitsu-utøvar med store ambisjonar

Bli kjent med den energiske og allsidige Lea Qvistgaard – ei dame som kombinerer brasiliansk jiu-jitsu, butikkdrift, fjellturar og lokalt engasjement med eit smil og ein god dose råskap.

Lea styrer Joker Onarheim med stødig hand og skaper ein sprudlande og kreativ arbeidsplass midt i bygda. Samtidig brenn ho for lokalt næringsliv, bygdelaget, idretten – og fjellturar med ungane (gjerne med ein kvikklunsj på toppen).

Som 32-åring tok Lea tak i ein gamal draum: kampsport. No trenar ho brasiliansk jiu-jitsu 4–6 gonger i veka, konkurrerer på høgt nivå, har blått belte – og drøymer stort: VM-gull. I samtalen deler ho korleis sporten har forandra livet hennar, og kvifor ho meiner fleire jenter burde prøva seg på matta.

Lea er eit fyrverkeri av energi, initiativ og inspirasjon – både i nærmiljøet og på kampmatta.


Sponsor: Tysnes gjev meirsmak
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.

https://www.visittysnes.no

Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(414)

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune. Dei fortel om eit lågterskeltilbod som g...

15 Juni 48min

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handl...

8 Juni 28min

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom?I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå...

1 Juni 47min

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv...

25 Maj 36min

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege.Christian André har over 24 år bak...

18 Maj 36min

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt.Sigrun deler o...

11 Maj 54min

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista

Magdalena Buchwald Vikanes & Elva Björk Margeirsdóttir brenn for leik, fellesskap og kvalitetsleiker. No har dei opna Leikekista i Borggata på Stord – ein møteplass for småbarnsfamiliar, med leikekafé...

4 Maj 1h 11min

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram

Kristin Straume Normann, best kjend som Berre Kristin, deler små setningar med stort innhald – om håp, sorg, angst, glede, tru, skriving og det å finna si eiga stemme.I denne episoden fortel ho om opp...

27 Apr 47min

Populärt inom Business & ekonomi

framgangspodden
varvet
badfluence
rss-borsens-finest
uppgang-och-fall
avanzapodden
svd-tech-brief
rss-dagen-med-di
24fragor
lastbilspodden
fill-or-kill
borsmorgon
tabberaset
rss-inga-dumma-fragor-om-pengar
kapitalet-en-podd-om-ekonomi
rss-kort-lang-analyspodden-fran-di
bathina-en-podcast
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
montrosepodden
rss-hos-psykologen