«Piri mitt mitt parian»
NB:arrangement8 Dec 2016

«Piri mitt mitt parian»

Arrangement 22.11.2016 Dei særprega og vakre mellomalderballadane ber med seg dramatiske historier om alt frå død, valdtekt og blodhemn til vakker kjærleik og erotisk humor, frå religiøse visjonar og historiske hendingar til havfruer og snakkande dyr. Utstillinga «Piri mitt mitt parian» (22.11.–14.1.) trekkjer fram tre sentrale balladar – «Draumkvedet», «Villemann og Magnhild» og «Tordivelen og flua». Kva kan dei fortelje oss om korleis vi har levd før i tida, og kva vi har vore opptekne av? Prof.em. Olav Solberg er balladeforskar og har vore knytt til balladeprosjektet. Saman med kvedar Øyonn Groven Myhren, stortingspresident og kulturpolitikar Olemic Thommesen og musikar Knut Reiersrud samtalar han med redaktør i Bokmagasinet Karin Haugen om mellomalderballadar og arven dei ber med seg. Arrangementet er del av Nasjonalbiblioteket si lansering av tolv bind med mellomalderballadar: «Kråkevisa», «Bendik og Årolilja», «Per spelemann» og hundrevis av andre typar mellomalderballadar har bergteke og mora oss i fleire hundreår, og har etter kvart blitt ein viktig del av den norske kulturarven. Sidan folkeminnesamlarar byrja å skrive ned desse visene på midten av 1800-talet, har det vore arbeidd med å publisere balladane i ei vitskapleg utgåve. No har Nasjonalbiblioteket gjort ferdig det store arbeidet og lanserer denne hausten dei siste av tolv verk med melodiar, tekstar, songar- og samlarbiografiar og innleiingar om dei ulike balladetypane.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Avsnitt(274)

Lova for landet. Om Magnus Lagabøtes landslov. Del 1

Lova for landet. Om Magnus Lagabøtes landslov. Del 1

Som eitt av dei fyrste kongerika i Europa blei Noreg samla under ei lov mellom 1274 og 1276. I nesten fire hundre år var Magnus Lagabøtes landslov med på å forme befolkninga sitt liv. Korfor fekk Noreg landslov før nesten alle andre? Kva bygde ho på? Korleis virka ho i samfunnet i tida ho blei skrive? Og kva spor kan ein finne av ho i dagens lovgjeving? I august kom Codex Hardenbergianus til Noreg etter 500 år i Danmark. Dette er den viktigaste og vakraste av alle kjende utgåver av landslova, og det er ei stor hending at ho no er blitt tilgjengelig her. Nasjonalbiblioteket inviterer derfor til heilaftan om Magnus Lagabøtes landslov. Jussprofessor og prosjektleiar for Landslovprosjektet, Jørn Øyrehagen Sunde, ein av våre fremste forskarar i norrøn filologi og mellomalderkultur, prof. em. Magnus Rindal, historikar og ekspert på lov og rett i mellomalderen, Anne Irene Risøy, stipendiat i historie, Ole-Albert Rønning, og postdoktor Anna Horn møter programleiarar Aslak Sira Myhre og Erling Sandmo til samtalar. Øyonn Groven Myhren står for kveldens musikalske innslag, og skodespelar Frank Kjosås les utdrag frå landslova. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

1 Nov 201836min

Identitetens kriser. Julia Kristeva og Finn Skårderud

Identitetens kriser. Julia Kristeva og Finn Skårderud

Er man som individ allerede skapt, eller er det en kontinuerlig skapelse som pågår? Er det en tilstand eller en prosess? Med teknologiske nyvinninger, transhumanisme og måten den nye teknologien kobler oss sammen på, har mennesket begynt å endre adferd. Når Julia Kristeva da setter individet og individualitet i sentrum, reiser det seg en rekke spørsmål: Er individet politisk? Hvilken rolle spiller idealene i konstruksjonen av identitet? Er frihet en grenseoverskridende eller en skapende praksis? Julia Kristeva møter Finn Skårderud til samtale om forståelsen av identitet, om viktigheten av det singulære og hva det vil si å være et menneske av i dag. Arrangementet er et samarbeid med forskningsprosjektet «Den oversatte kroppen – en historisering og teoretisering av medisinsk humaniora og kunnskapstranslasjon». Arrangører: Nasjonalbiblioteket og CAS/UiO Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

29 Okt 20181h 7min

Familie, kjønn og makt. Anne Bitsch om Harriet Holter

Familie, kjønn og makt. Anne Bitsch om Harriet Holter

Harriet Holter (1922–1997) var sosialpsykolog og kvinneforskar. Ho blir rekna som ein nordisk pioner innanfor samfunnsvitskapleg kvinneforsking, og etter henne følgde inspirerte generasjonar av nye kvinneforskarar. Holter blei spesielt kjent for sine studiar av kjønnsroller og kvinners plass i arbeidslivet. Det leidde fram til doktoravhandlinga Sex roles and social structure frå 1970, eit banebrytande samfunnsvitskapleg arbeid i Simone de Beauvoirs ånd og starten på ein livslang kamp for å avdekkje maktfordelinga i samfunnet. Anne Bitsch er samfunnsforskar, forfattar og feminist. I dette foredraget kikkar ho nærmare på Harriet Holters bidrag til kvinne- og kjønnsforskinga. Arrangementet er del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

23 Okt 20181h 3min

Borte bra men hjemmet best. Eikemo og Selboe om hjemmet.

Borte bra men hjemmet best. Eikemo og Selboe om hjemmet.

Hva ligger egentlig i forestillingen om et hjem? Er hjemmet kun et sted, eller er det noe mer? Hvordan formes litteraturen av rommene den utspiller seg i? Litteraturprofessor Tone Selboe har lenge vært opptatt av det konkrete rommets funksjon i litteraturen, det være seg byens plass hos Hamsun og Dickens eller Virginia Woolfs ambivalente forhold til husets rom. Forfatter Marit Eikemo bruker i sin siste bok «Gratis og uforpliktande verdivurdering» hjemmet som motiv. Kan drømmen om det perfekte livet innfris bare man tar med seg mann og to barn fra en litt for trang leilighet til en villa med hage? Selboe og Eikemo møter nå litteraturviter og kritiker Frode Helmich Pedersen til samtale om hjemmet som litterært motiv. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

18 Okt 201857min

Barrierebrytaren. Dag O. Hessen om Kristine Bonnevie

Barrierebrytaren. Dag O. Hessen om Kristine Bonnevie

I 1912 fekk Noreg sin første kvinnelege professor. Zoologen og biologen Kristine Bonnevie (1872–1948) blei også det første kvinnelege medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og fekk både Kongens Fortjenstmedalje i gull og blei riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Bonnevie deltok med vesentleg innsats i celledelings- og kromosomforskingas grunnleggjande periode (1900–1914), før ho seinare fordjupa seg i studiar om at eigenskapar går i arv. Ho var kjent som ein inspirerande forelesar, ein ivrig formidlar, og for sine sterke sosiale interesser. Biologiprofessor Dag O. Hessen er også kjent som ein dyktig formidlar. Han står bak ei mengde artiklar og fagbøker – blant anna er han medforfattar av boka Kristine Bonnevie – et forskerliv. I kveld snakkar han om Bonnevies forsking og arven etter denne. Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

8 Okt 201846min

Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose

Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose

«‘Jeg er en som ikke turde gå under’, skriver han i notatene, og det tror jeg på, det kan jeg kjenne meg igjen i!» Kjersti Annesdatter Skomsvold har lest Aksel Sandemose, og skriver om det faretruende ved å forlate faste rammer til fordel for det tomme rommet foran seg, og om å forsøke å omskape det til tekst med mening og substans. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

28 Sep 201855min

Tore Renberg leser Mikkjel Fønhus

Tore Renberg leser Mikkjel Fønhus

Han fekk rykte som naturskildraren framfor nokon i norsk litteratur, og var ein av våre mest folkekjære forfattarar. Mikkjel Fønhus (1894-1973) gav ut bøker med opplag på fleire titusen, og titlar som Trollelgen og Der villmarka suser stod i alle norske bokhyller. Men så stilna det kring han. «Mikkjel ser ut til å være klar over det sjølv: Han kunne dyr betre enn folk,» skriv Tore Renberg som no har lese Fønhus sine rovdyrromanar med ørneblikk. Kva er det så som openberrar seg, i dei menneskefråvende skildringane og blodstenka bileta av naturens vald? Korleis kan ein snuse seg fram til ein gløymd forfattars rytme? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

28 Sep 20181h 21min

Ole Robert Sunde Leser Johan Borgen -del 2

Ole Robert Sunde Leser Johan Borgen -del 2

«Det første kapitlets utlegging av den kristianiensiske overklassefamilien – og alle dens medlemmer som lar seg bli tatt ved nesen av Lillelord, utenom stuepiken Lilly som gjennomskuer ham – minner svakt om åpningen til det gamle greske eposet Iliaden». Ole Robert Sunde har lest Johan Borgen og skriver om å bli forført av skiftende sinnsstemninger. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

28 Sep 201839min

Populärt inom Samhälle & Kultur

mardromsgasten
podme-dokumentar
rattsfallen
en-mork-historia
aftonbladet-krim
p3-dokumentar
nemo-moter-en-van
skaringer-nessvold
badfluence
blenda-2
creepypodden-med-jack-werner
killradet
flashback-forever
hor-har
kod-katastrof
vad-blir-det-for-mord
aftonbladet-daily
p3-dystopia
varvet
rysarpodden