Professorpolitikaren. Rune Slagstad om Anton Martin Schweigaard
NB:arrangement19 Feb 2019

Professorpolitikaren. Rune Slagstad om Anton Martin Schweigaard

Anton Martin Schweigaard (1808–1870) var jurist, økonom og politikar, og blir rekna som ein av dei viktigaste intellektuelle storleikane i Noreg på 1800-talet. Med avhandlinga Indførselstolden og dens Historie la han i 1836 grunnlaget for ein norsk frihandelspolitikk, og lærebøkene han skreiv, prega norsk rettsvitskap og rettspraksis lenge etter han var død. På Stortinget stod Schweigaard fremst i kampen for utbygging av jernbanar, post og telegraf, og han hadde avgjerande innverknad på utforminga av den norske handels- og toll-lovgjevinga. Rune Slagstad er sosiolog, idéhistorikar og rettsteoretikar. I dette føredraget ser han nærare på korleis den nasjonale strategen A.M. Schweigaard har prega den økonomiske og rettsvitskaplege tenkinga i Noreg. Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Avsnitt(282)

Populärt inom Samhälle & Kultur

podme-dokumentar
en-mork-historia
gynning-berg
p3-dokumentar
svenska-fall
mardromsgasten
skaringer-nessvold
killradet
aftonbladet-krim
rattsfallen
creepypodden-med-jack-werner
spar
hor-har
flashback-forever
aterforeningen-en-podcast-med-thorsten-och-richard-flinck-av-sigge-eklund
vad-blir-det-for-mord
rysarpodden
rss-mer-an-bara-morsa
larm-vi-minns
kod-katastrof