Prisen for ein dusj, trolling på scenen og vestlandske dilemmaer
premium
Nokon må gå1 Sep 2022

Prisen for ein dusj, trolling på scenen og vestlandske dilemmaer

Prisen på ein dusj blir stadig meir absurd, og misvisande straumjournalistikk får fortent kjeft. KrF manglar makt, retning og strategi, og me lurer på om KrF-leder Olaug «Fru Larkins» Bollestad kan lære litt av svenskane sin kristenpolitiske frontfigur Ebba Busch. Jens Kihl pirkar i metadebatten om den omstridde «Sløseriombudsmannen», og vekas djupdykk i den vestlandske folkesjela gir oss eit ekte dilemma: Ordførar eller austlending? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: «Prosjekt Sløseri», NRK

Avsnitt(415)

Nachspiel, Tiktok og Excellence

Nachspiel, Tiktok og Excellence

«Nokon må gå» har vunne sin første mediepris! Og i sigersrus passar det fint å ta den store debatten om journalistar og politikarar kan gå på nachspiel saman. I Bergen blir innhald frå ei valdtektsrettssak lagt ut på sosiale medium, utan at nokon klarar å stoppe det. Kva kan rettssystemet gjere i møte med Tiktok? Produsent: Henrik Svanevik

11 Maj 202342min

Landsmøte-spesial: Når konfliktane er vekke, dansar Støre på bordet

Landsmøte-spesial: Når konfliktane er vekke, dansar Støre på bordet

Aps landsmøte er overstått, og det gjekk langt betre enn forventa. Faktisk så bra, at partileiar Jonas Gahr Støre dansa på bordet på landsmøtefesten. Men spenningane undervegs var til å ta og føle på. Politisk redaktør Eirin Eikefjord var til stades, og tek oss med på innsida. Produsent: Henrik Svanevik

8 Maj 202320min

Telefon fra Støre og en influenser på Akvariet

Telefon fra Støre og en influenser på Akvariet

Selvskadingen i Arbeiderpartiet tar aldri slutt, og nå har statsminister Jonas Gahr Støre klart å gjøre seg selv til saken. Hvorfor ringte han Helga Pedersen selv? Imens skaper politivold enda en tillitskrise i politiet, og influenseren Sophie Elise har fått ekkel bismak i munnen av Akvariet i Bergen. Produsent: Henrik Svanevik

4 Maj 202333min

Landsmøte-spesial: Eggelikør, fotside kjolar og macarena hos Frp

Landsmøte-spesial: Eggelikør, fotside kjolar og macarena hos Frp

50-årsjubilanten Frp har hatt landsmøte, og Eirin Eikefjord gir dei toppscore for festen. Tamme diskusjonar om kjernekraft på dagtid, blei erstatta av trapesartistar og dans mellom bordene på kveldstid. Det fortel oss også litt om kor dette partiet står for tida. Produsent: Henrik Svanevik

2 Maj 202315min

Ap-drama og russefest i fylkeskommunal regi

Ap-drama og russefest i fylkeskommunal regi

Me ladar opp til to svært ulike landsmøte dei to kommande helgene: Frp har 50-årsjubileum og skal feire, medan dei i Ap har splid, personkonflikt og maktkamp. Her snakkar me himmel og helvete. Og så snakkar me om russetid. For når blei det eigentleg eit ønske og krav frå russen om å feste og vere drita i trygge, fylkeskommunale rammer? Produsent: Henrik Svanevik

27 Apr 202337min

Landsmøte-spesial: Mykje Raudt og litt KrF

Landsmøte-spesial: Mykje Raudt og litt KrF

Morten brukte ungdomstida i Framstegspartiets Ungdom. Denne helga var han på sitt første Raudt-landsmøte. Me tar òg ein kort tur innom Hamar, der KrF tok eit lite retningsval i kampvoteringa om nestleiarvervet. Produsent: Henrik Svanevik

24 Apr 202322min

Pepsi max-krise, «Havbyen» og ein narsissistisk, dialektarrogant egotrip

Pepsi max-krise, «Havbyen» og ein narsissistisk, dialektarrogant egotrip

Streiken held fram, og butikkhyllene går tomme for Pepsi max. Hamstrejournalistikken får mykje tyn, men den har også noko for seg. Her i vest handlar det om havet denne veka, men er eigentleg «Havbyen Bergen» meir enn et kult merkenamn og ein reklamefilm? Og så er det tid for å plukke frå kvarandre dialektdebatten til NRK-gubbane. Produsent: Henrik Svanevik

20 Apr 202346min

Streikespesial: Me tok feil

Streikespesial: Me tok feil

Kommentatorar og ekspertar gjekk langt i å avfeie det, men no er ein historisk streik eit faktum. Korleis enda me her? Partane er djupt ueinige om tilbodet som låg på bordet, så Gerd Tjeldflåt har henta inn sin kollega Hans Mjelva til å forklare konflikta og korleis dette rammar oss. Produsent: Henrik Svanevik

17 Apr 202316min

Populärt inom Politik & nyheter

svenska-fall
p3-krim
rss-viva-fotboll
rss-krimstad
flashback-forever
fordomspodden
aftonbladet-daily
rss-sanning-konsekvens
rss-vad-fan-hande
olyckan-inifran
dagens-eko
rss-frandfors-horna
svd-dokumentara-berattelser-2
motiv
rss-krimreportrarna
krimmagasinet
svd-nyhetsartiklar
blenda-2
spotlight
spar