Statsbudsjett, skipstunnel og byrådskrise
premium
Nokon må gå6 Okt 2022

Statsbudsjett, skipstunnel og byrådskrise

Statsbudsjett og byrådskriser kjem ikkje kvar dag. Men onsdag 6. Oktober er ikkje ein kva som helst dag. I Oslo har eit litt stramt budsjett blitt presentert etter vekevis med åtvaringar om kor gale det skulle bli. Men det er ikkje strammare enn at regjeringa har funne pengar til ein tunnel for båtar. Og i Bergen går det mot ein skjebnekveld, der byrådet kan bli felt for barnevernsskandalane. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Hans Mjelva og Jens Kihl. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Bergen kommune, Stortinget

Avsnitt(432)

Er det Sp-kaoset som skal gje Erna Solberg ein tredje periode?

Er det Sp-kaoset som skal gje Erna Solberg ein tredje periode?

Valkampen har starta, Gerd har vore i Sogn og Fjordane og det er skredfare inni tunnelane. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Høgre, NRK

5 Aug 202148min

Raudt kan kome over sperregrensa

Raudt kan kome over sperregrensa

Raudts Sofie Marhaug er gjest i denne vekas episode. Ho kan få Raudts første stortingsplass frå Hordaland, og partiet hennar kan kome over sperregrensa for første gong.

29 Juli 202149min

22. juli

22. juli

Denne veka er det ti år sidan terroråtaket 22. juli. Lubna Jaffery, som i dag er fungerande byrådsleiar i Bergen, var i Oslo då bomba gjekk av. Dottera hennar var på veg til Utøya. Programleiarar: Jens Kihl og Morten Myksvoll. Gjest: Lubna Jaffery (Ap) Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound)

21 Juli 202137min

Ei naken rumpe lokkar ingen til bygda

Ei naken rumpe lokkar ingen til bygda

Norwegian er i hardt vêr etter millionbonusar. Men kvifor trudde regjeringa at dei skulle vere solidariske med storsamfunnet? På fødeavdelingane er det fullt av fødande, og få jordmødre. Og i distriktet kler ein ordførar av seg for å stoppe fråflyttinga. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK, Visit Norway Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

1 Juli 202145min

Det var ikkje eit menneskerettsbrot å stoppe den festen

Det var ikkje eit menneskerettsbrot å stoppe den festen

Partiet Raudt er i storform og kan lage kaos på Stortinget. I retten står slaget om det er ein menneskerett å få arrangere fest under ein pandemi. Og korleis skal ein kle seg i vestlandssommaren? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

24 Juni 202135min

NMG live: Det var den våren

NMG live: Det var den våren

Valkamp er tema når podkastgjengen får besøk av ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) og stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP). På scena på Litteraturhuset oppsummerer me også våren, og kårer Bergens beste krangel. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik og Martin Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

18 Juni 20211h 4min

– Det er veldig rart at me homofile er oppe til debatt éin gong i året

– Det er veldig rart at me homofile er oppe til debatt éin gong i året

Politiet skapte rabalder på eit væpna foredrag på Osterøy, Pride-månaden er igang og podkastgjengen diskuterer kva koronatiltak vestlendingar kjem til å sakne. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, TV 2

10 Juni 202143min

– Eg trur ikkje noko på at Sp ikkje vil i regjering

– Eg trur ikkje noko på at Sp ikkje vil i regjering

Vedum har repetert og repetert at Sp ikkje bryr seg om makt og posisjonar. Men så kom fylkeslaga hans og ville gjere han til statsministerkandidat. Samstundes er det strid om vegmilliardane på Vestlandet. Og dei siste daganes knallsol i vest tvingar fram spørsmålet: Kan ein bade i Bergen? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Margrete Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Nettavisen, Frp

3 Juni 202139min

Populärt inom Politik & nyheter

svenska-fall
motiv
aftonbladet-krim
politiken
p3-krim
spar
rss-viva-fotboll
rss-krimstad
flashback-forever
fordomspodden
rss-sanning-konsekvens
aftonbladet-daily
blenda-2
rss-krimreportrarna
olyckan-inifran
rss-frandfors-horna
rss-vad-fan-hande
dagens-eko
rss-flodet
krimmagasinet