Flytande havvind, klimamål under lupen og konfliktfylt ammoniakk-fabrikk

Flytande havvind, klimamål under lupen og konfliktfylt ammoniakk-fabrikk

Å bruke opp mot 35 milliardar statlege kroner på ein flytande havvindpark er eit enormt beløp. Men er det likevel verdt det?


Denne veka har to konsortium meldt seg på konkurransen om å få bygge ut 500 MW med flytande havvind i Utsira Nord. Det markerer eit viktig steg vidare for flytande havvind i norske farvatn – sjølv om ei mogleg investeringsavgjerd ligg fleire år fram i tid.

– Det er eit stort potensial viss ein lukkast her. Først og fremst for kraftproduksjon globalt – som eg tenkjer er det viktigaste perspektivet. Viss teknologien lukkast, kan ein byggje ut mykje fornybar kraft verda over. Det trur eg er den viktigaste grunnen til at Noreg bør bidra, seier Kirsten Ånestad Øystese, prosjektleiar i Norsk klimastiftelse.

Klimax-panelet diskuterer òg vurderinga av Noregs nye klimamål frå analytikarane i Climate Action Tracker, og nyheita om at eit knapt fleirtal i kommunestyret i Sauda har sagt ja til bygging av ein ammoniakkfabrikk – eit prosjekt som skapar stor debatt.


Med i denne podkasten er:

  • Anne Jortveit, nestleiar i Norsk klimastiftelse
  • Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar i Norsk klimastiftelse
  • Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse

Podkasten er teke opp torsdag 18. september.

Lenke til omtalte saker og nyttig bakgrunn:


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Populärt inom Politik & nyheter

aftonbladet-krim
p3-krim
fordomspodden
rss-krimstad
rss-viva-fotboll
flashback-forever
motiv
svenska-fall
aftonbladet-daily
rss-vad-fan-hande
rss-sanning-konsekvens
grans
blenda-2
olyckan-inifran
dagens-eko
rss-frandfors-horna
svd-dokumentara-berattelser-2
krimmagasinet
rss-krimreportrarna
spotlight