Natalie Bjerke Roland om Trump, Pippi og spel
Språkoppdraget24 Nov 2025

Natalie Bjerke Roland om Trump, Pippi og spel

Dagens gjest har stått på scenen heile livet. Frå den tidlege starten med barnekor og teaterleik, har karrieren gått slag i slag for Natalie Bjerke Roland. Ho har spelt store musikalroller, vore å sjå i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og på film i den politiske satiren «Ingen kommentar».

På Det Norske Teatret står ho for tida på alle tre scenane og speler for utselde hus kveld etter kveld. I den afrofuturistiske framsyninga Sukker på Scene 2, i juleframsyninga Magic Mouse vs. Captitalism på Scene 3, og i Eurovision-musikalen Europavisjonar på Hovudscenen.

I sistnemnde briljerer ho som den amerikanske presidenten Donald Trump. Roland, som sjølv er halvt amerikansk, trudde først det stod feil på rollelista. Da ho forstod at det var riktig, brukte ho timesvis på YouTube for å finne sin indre Donald, både i røyst, kropp og ikkje minst dans. I Språkoppdraget fortel ho om korleis det er å bli bua på av publikum, som ho har blitt i Europavisjonar. Ho har også opplevd å få Trump-parodi i retur frå salen.

Til våren skal ho spele ei anna rolle absolutt alle har eit forhold til, nemleg hovudrolla som verdas sterkaste jente i musikalen Pippi på Sirkus. Dessutan skal ho spele Gudrun i «alle spels mor», Slaget på Stiklestad til sommaren. 2026 byr altså på to ting Natalie Bjerke Roland aldri har gjort før – så det klarar ho sikkert, med elskhug!

God lytt!


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(56)

Terje Strømdahl om Pride, Prøysen og Portveien 2

Terje Strømdahl om Pride, Prøysen og Portveien 2

I denne episoden av Språkoppdraget får du ein meisterklasse i tekst og undertekst av skodespelar og regissør Terje Strømdahl. Han har jobba med teater, film og TV i ei årrekke, vunne både Heddaprisen ...

25 Juni 1h 20min

Marianne Krogh om 50 år i ensemblet og nervane som aldri går over

Marianne Krogh om 50 år i ensemblet og nervane som aldri går over

Om du har vore på Det Norske Teatret dei siste 50 åra, er sjansen veldig stor for at du har opplevd skodespelar Marianne Krogh på scenen. 19 år gammal starta ho på teaterets elevskole. No er ho 70 år ...

20 Maj 1h 6min

Hulda Garborg-spesial med Arnhild Skre

Hulda Garborg-spesial med Arnhild Skre

Det Norske Teatret har alt å takke Hulda Garborg for. Faktisk hadde ho ein finger med i det meste vi i dag tenker på som rotnorsk, sånn som bunaden, folkedansen, norsk tradisjonskost og sjølvsagt nyno...

8 Maj 1h 4min

Fredrik Island Gustavsen om kunstløp, direkteteksting og akrobatikk i språket

Fredrik Island Gustavsen om kunstløp, direkteteksting og akrobatikk i språket

Kva har trippel tålupp og touchmetoden til felles?Begge krev presisjon i lufta og total kontroll i landinga. Det ser leikande lett ut når ein kan det, og smertefullt ut når det går skeis. Men først og...

19 Feb 57min

Marie Blokhus om vaffelrøre, banning og «flink pike»-stempelet

Marie Blokhus om vaffelrøre, banning og «flink pike»-stempelet

Kva har nakenbading i vaffelrøre, synestesi og Tverlandet til felles? Marie Blokhus, sjølvsagt.I meir enn 15 år har ho spelt roller på Det Norske Teatret, i alt frå Hamlet og antikkens tragediar, til ...

17 Feb 59min

Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn og ein ulovleg salme

Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn og ein ulovleg salme

Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn og ein ulovleg salme Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

23 Dec 20251h 2min

Ragnhild Holmås om rotta som skotta, språkglede og Donald Duck

Ragnhild Holmås om rotta som skotta, språkglede og Donald Duck

Dagens gjest er minst like glad i språk som oss i Språkoppdraget. Ragnhild Holmås skriv bøker om etymologi for både barn og vaksne. Sidan det snart er jul, får vi i denne episoden artige innblikk i ju...

10 Dec 202557min

Populärt inom Utbildning

det-skaver
historiepodden-se
rss-bara-en-till-om-beroende-medberoende
nu-blir-det-historia
not-fanny-anymore
allt-du-velat-veta
harrisons-dramatiska-historia
johannes-hansen-podcast
rss-viktmedicinpodden
roda-vita-rosen
i-vantan-pa-katastrofen
rikatillsammans-om-privatekonomi-rikedom-i-livet
sa-in-i-sjalen
rss-basta-livet
rss-max-tant-med-max-villman
rss-traningsklubben
sektledare
vi-gar-till-historien
kan-jag-sa-kan-du-podden
rss-autismandan