Om avsnittet
Ingen vil styre Bergen, og for første gong i podkastens historie må me be nokon om å gå på. Morten Myksvoll og Gerd Tjeldflåt oppsummerer den fastlåste situasjonen, og kva som no kan skje. Og så stiller me det rare spørsmålet: Kan ein vere utru og Senterparti-politikar? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe