Om avsnittet
Sommaren er på hell, og du treng ei oppdatering på haustens store verkebyll og samtaletema: straumprisen. Det får du i haustens første ordinære episode av «Nokon må gå». Korleis vil det heile spele seg ut politisk? Kommentator Hans Mjelva er henta inn som forsterking, og forklarar kvifor prisen er så høg, om straumeksport og straumstøtte. Vekas «Å Vestland» handlar om det elendige sommarvêret på Vestlandet. Er det også her mogeleg å be om krisepakke frå staten? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Hans Mjelva. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK