Ein konteinar full av håp – slik hjelper Stord Cuba
SunnhordlandPodden21 Marras 2024

Ein konteinar full av håp – slik hjelper Stord Cuba

I denne episoden møter vi Astri Valvatne Granli og Anders Dahl, som fortel om innsamlingsaksjonen kyrkja på Stord har til Cuba.

Gjennom eit nært samarbeid med den lutherske kyrkja på Cuba og Nordmisjon, jobbar dei med å sende ein 40-fots konteinar full av nødvendige varer som klede, sko, syklar og møblar. Astri og Anders delar opplevingar frå turen dei hadde til Cuba i januar, der dei besøkte kyrkjer og lokalsamfunn, og fekk sjå dei store utfordringane folket der står i.

Dei reflekterer over korleis det var å oppleve mangelen på mat og varer, og korleis dette har inspirert dei til å bidra vidare. I tillegg gir dei innsikt i den politiske og økonomiske situasjonen i landet, og korleis hjelpesendingar vert mottekne av både lokalbefolkninga og styresmaktene.

Bli inspirert av engasjementet og høyr korleis du kan bidra til dette viktige arbeidet for å gjere ein forskjell for folk på Cuba.

Vil du bidra, kan du levere ting i Kyrkjestova Fredheim i kveld (21. nov.) kl. 18–20 eller bestille henting.
Du kan òg vippse til Stord sokn (124653), merk Cuba.
Les meir og følg med på prosjektet ved å bli med i gruppa Hjelpesending til Cuba – våren 2025 på Facebook.


Sponsor:

Jarle Steinsland AS.

Røyrleggar og flisleggar med hovudvekt på rehabilitering av bad og våtrom.

Jarle har over 20 års erfaring, og han er den røyrleggjaren eg ringer til når noko skal fiksast heime hos oss. Han har blant anna pussa opp eit par bad og montert ein flott dusj her, så eg kan trygt anbefale deg å ta kontakt med Jarle Steinsland om du treng ein dyktig røyrleggar.

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(416)

Mariia Kapanzhy – om Brilleriet, sjokolade og flukta frå krigen i Ukraina

Mariia Kapanzhy – om Brilleriet, sjokolade og flukta frå krigen i Ukraina

Mariia Kapanzhy kom frå Odessa i Ukraina til Noreg etter at krigen braut ut. I denne episoden blir me betre kjent med historia hennar – frå eit godt liv i heimlandet, via mørke vintrar utan straum, ti...

29 Kesä 54min

Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz

Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz

Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19.Me snak...

22 Kesä 52min

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune. Dei fortel om eit lågterskeltilbod som g...

15 Kesä 48min

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring

Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handl...

8 Kesä 28min

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom?I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå...

1 Kesä 47min

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv...

25 Touko 36min

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla

Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege.Christian André har over 24 år bak...

18 Touko 36min

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt.Sigrun deler o...

11 Touko 54min

Suosittua kategoriassa Liike-elämä ja talous

sijotuskasti
mimmit-sijoittaa
psykopodiaa-podcast
rss-oivalluksia-rahasta-elamasta
rss-rahapodi
ostan-asuntoja-podcast
asuntoasiaa-paivakirjat
inderespodi
rss-karon-grilli
rahapuhetta
rss-porssipuhetta
rss-inderes
oppimisen-psykologia
vapauta-supervoimasi-podcast
rss-rahamania
lakicast
rss-paasipodi
rss-laakispodi
rss-ammattipodcast
rss-pariisilaiset