Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme
SunnhordlandPodden2 Kesä 2025

Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

Christian Fitjar Dahl brenn for å vise fram det beste Sunnhordland har å by på. Han er ein av dei som står bak både Sunnhordland Adventure og Fjordeventyret. No er han i ferd med å lose dei første cruiseturistane i land på Lervik og rundt i Sunnhordland.

I denne episoden får du høyre om korleis det heile starta med eit uformelt møte på MS Sunnhordland og utvikla seg til eit omfattande samarbeid mellom lokale aktørar.


Christian deler ærleg om spenninga knytt til logistikken, draumen om å skapa regional verdiskaping – og kvifor han har jobba dugnad med dette prosjektet i to år.


Du får også høyre meir om:

  • Favorittperlene i Sunnhordlands vakre skjærgård
  • Korleis ein god RIB-tur blir til (og kva ein RIB eigentleg er)
  • Tips til deg som vil ut på sjøen i sommar – og korleis du bør førebu deg
  • Engasjementet hans i Redningsselskapet og etableringa av Sjøkompetanse AS
  • Kva cruiseturistar faktisk skal få oppleva når dei går i land på Stord


Bli kjent ei ekte eldsjel, full av entusiasme, lokal stoltheit og praktisk gjennomføringsevne.


Ein episode som garantert vil gi deg nye perspektiv på kor mykje spennande som skjer – og kor mykje potensial som ligg i vår region.


Og hugs: Smil og sei hei til turistane som kjem på besøk!


Sponsor: Stord Apartments

Stord Apartments er ein leiande aktør innan bustadutleige for bedrifter i Sunnhordland. Sidan starten i 2021 har Stord Apartments bygd opp ein portefølje på over 100 bustader, og meir enn 50 ulike bedrifter stolar på deres overnattingsløysingar.

Stord Apartments er for tida på jakt etter nye, sentralt plasserte bustader på Stord.

Med Stord Apartments som leigetakar blir utleigeprosessen både enkel og effektiv – dei tek ansvar for heile prosessen frå A til Å.


Sjekk ut https://stordapartments.no for meir info.

Tämä jakso on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi jakso saattaa sisältää mainontaa.

Jaksot(427)

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog

Kva skal du tenkje på før du skaffar deg hund? Og kva er eigentleg forskjellen på ein søt hund og ein hund som passar inn i livet ditt?I denne episoden møter du Sandy Haugland, dama bak Kennel Kysthyr...

14 Syys 43min

Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral

Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral

Korleis får du ein bil til å skinne? I denne episoden møter du Sveinung Nitter Jr. – ein mann med mykje energi, mange jern i elden og eit brennande engasjement for det han driv med.Sveinung fortel om ...

7 Syys 1h

Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy

Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy

Tormod Myklebust frå Uskedalen har levd eit liv med arbeid, tru, familie, bedehus, bondegard og eit sterkt engasjement for menneske i Ukraina. I denne praten får du høyre om oppveksten, livet som bond...

31 Elo 1h 26min

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk.Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygn...

24 Elo 55min

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg

28.-29. august blir Moahagen igjen gjort om til kongsgard når «Håkon den gode kongen» vender tilbake til Fitjar.I denne episoden møter du Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg, som tek oss med bak kulissan...

17 Elo 51min

Kjell Magnus Økland - Naust til folket

Kjell Magnus Økland - Naust til folket

Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilna...

10 Elo 1h 3min

Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium

I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisje...

3 Elo 39min

Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp

17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i.I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdomm...

27 Heinä 48min

Suosittua kategoriassa Liike-elämä ja talous

sijotuskasti
vallattomat
psykopodiaa-podcast
mimmit-sijoittaa
rss-rahapodi
rss-oivalluksia-rahasta-elamasta
ostan-asuntoja-podcast
oppimisen-psykologia
lakicast
rss-paasipodi
rss-alanvaihtajat
rss-porssipodi
rss-karon-grilli
rss-startup-ministerio
rss-inderes
rss-siksi-viestinta
rahapuhetta
hyva-paha-johtaminen
rss-pinnan-alle
rss-sami-miettinen-neuvottelija