Språkoppdraget

Språkoppdraget

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.

Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.


Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.

Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?


I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.

Ny episode annankvar onsdag utover hausten.

Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Tämä podcast on lisätty Podme-palveluun avoimen RSS-syötteen kautta eikä se ole Podmen omaa tuotantoa. Siksi podcastin jaksot saattavat sisältää mainontaa.

Jaksot(56)

Lars Petter Sveen om frykta for å stamme og lysta til å snakke

Lars Petter Sveen om frykta for å stamme og lysta til å snakke

Forfattar Lars Petter Sveen har levd med stamming heile livet, og like lenge har han prøvd å skjule at han stammar. Han trudde også at han takla det veldig fint, heilt til han svima av under ei opples...

22 Syys 202248min

Kjersti Horn om skam, skrekk og Sigrid Undset

Kjersti Horn om skam, skrekk og Sigrid Undset

Å dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar lang...

7 Syys 202241min

Christian Ruud Kallum om Mattis, Moss og vegen til scenen

Christian Ruud Kallum om Mattis, Moss og vegen til scenen

Heilt sidan han var ein liten og sjenert gut i Moss, har Christian Ruud Kallum visst at han skulle bli skodespelar. Men han trudde aldri at han skulle få bruk for nynorsken han lærte på skolen. No er ...

1 Kesä 202249min

Are Kalvø om parodi, popmusikk og vulgær nynorsk

Are Kalvø om parodi, popmusikk og vulgær nynorsk

Han er ein av verdas mest kjente nynorskbrukarar og har fått omtrent alle nynorskprisane som finst. Men kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når...

18 Touko 202237min

Unn Vibeke Hol om dialekt, dubbing og eit liv i teateret

Unn Vibeke Hol om dialekt, dubbing og eit liv i teateret

I nesten eit halvt hundreår har Unn Vibeke Hol vore skodespelar på Det Norske Teatret. Sidan teaterdebuten som Tussie i framsyninga Ole Brumm har ho gjort eit utal roller. Stemma hennar har du garante...

6 Touko 202241min

Sara Khorami om Kristin Lavransdotter, dubbing og livet som tospråkleg

Sara Khorami om Kristin Lavransdotter, dubbing og livet som tospråkleg

Når Det Norske Teatret set opp romanverket Kristin Lavransdotter på Hovudscenen, er det skodespelar Sara Khorami som speler tittelrolla. I løpet av 8 timar maratonteater skal ho følgje Kristin frå bar...

20 Huhti 202230min

Alfred Fidjestøl om den spektakulære historia til Det Norske Teatret

Alfred Fidjestøl om den spektakulære historia til Det Norske Teatret

No til dags utspeler det meste av dramatikken på Det Norske Teatret seg på scenane våre.Men slik var det ikkje i oktober 1913, då teateret opna. Den gongen utspelte dei mest dramatiske scenane seg i g...

6 Huhti 202230min

Runar Gudnason om rap, teater og gleda ved eit godt rim

Runar Gudnason om rap, teater og gleda ved eit godt rim

Runar Gudnason er kjent for mange som rappar i Side Brok, og no er språkmennesket frå heimbygda til Ivar Aasen aktuell som gjendiktar på Det Norske Teatret. Når Into the Woods kjem opp på Hovudscenen ...

23 Maalis 202233min

Suosittua kategoriassa Koulutus

rss-murhan-anatomia
psykopodiaa-podcast
voi-hyvin-meditaatiot-2
adhd-podi
rss-vapaudu-voimaasi
leikitaanko-laakaria
psykologia
rss-niinku-asia-on
kesken
rss-liian-kuuma-peruna
solu-ja-molekyylibiologian-perusteet
rss-narsisti
jari-sarasvuo-podcast
puhutaan-koiraa
koulu-podcast-2
dreamtalk
rss-duodecim-lehti
rss-koira-haudattuna
ilona-rauhala
rss-valo-minussa-2