På veg mot påske - Preike på 4. søndag i fastetida - 15.03.2026 v/Arne Berge

På veg mot påske - Preike på 4. søndag i fastetida - 15.03.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1

Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» Då sa han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.»

Tidleg neste morgon stod Abraham opp, leste på eselet sitt og tok med seg to av tenestegutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. Tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden i det fjerne. Då sa Abraham til tenestegutane: «Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, og så kjem vi tilbake til dykk.» Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to. Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, son min.» Han sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?» Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to.

Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin. Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!» Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.» Då Abraham såg opp, fekk han auge på ein vêr som hang fast etter horna i eit kratt rett bak han. Abraham gjekk bort, tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. Abraham kalla den staden « Herren ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»

1. Mosebok 22,1–14

Lesetekst 2

Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.

Hebrearane 4,14–16

Evangelietekst

Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.

Johannes 11,45–53

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(104)

Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel

Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel

Lesetekst 1Kva skal eg koma fram for Herren med når eg bøyer meg for Gud i det høge? Skal eg koma til han med brennoffer, med årsgamle kalvar? Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar, titusenvis av oljeb...

6 Sep 10min

Mi trushistorie - Kveldsgudsteneste 13. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 23.08.2026

Mi trushistorie - Kveldsgudsteneste 13. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 23.08.2026

1. Korintar 12,4–11:Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. Tenestene er ulike, men Herren er den same. Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle...

23 Aug 24min

Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026

Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026

Lesetekst 1Men i di store miskunnforlét du dei ikkje i ørkenen.Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,men førte dei på vegen;og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,men lyste opp vegen dei skulle gå.Du ...

16 Aug 18min

Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026

Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026

Lesetekst 1Av David. Ein læresalme.Sæl er den som får sine brot tilgjevneog sine synder tildekte!Sælt er det mennesketsom Herren ikkje tilreknar skuld,som i si ånd er utan svik.Så lenge eg tagde, tært...

2 Aug 19min

Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026

Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026

Lesetekst 1Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denn...

19 Jul 15min

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Lesetekst 1:Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera...

5 Jul 12min

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Lesetekst 1Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrs...

7 Jun 23min

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Lesetekst 1Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanonog b...

3 Mai 20min

Populært innen Religion og åndelighet

rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
rss-lilli-isabelle
sektledere
sektpodden-2
rss-det-uforklarlige-med-victoria-skau
lydartikler-fra-aftenposten
andelig-pafyll-hver-tirsdag
rss-paradigmepodden
rss-andelige-tanker-med-camillo
dokka
rss-uhoytidelig-spirituell
ole-martin-og-einar-leser-bibelen
rss-losrevet
rss-pust-for-livet
rss-normalt-paranormalt
rss-grenselos-spiritualitet
and-vitenskap
rss-tro-tull-alvor
bibelen-pa-podkast
rss-lese-bibelen-sammen