Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1

Herren er min styrke og min song,

han har vorte mi frelse.


Høyr, det er jubel og sigersrop

i teltet til dei rettferdige!

Herrens høgre hand gjer storverk,


Herrens høgre hand lyfter opp.

Herrens høgre hand gjer storverk.


Eg skal ikkje døy, men leva

og fortelja om Herrens gjerningar.


Hardt har Herren tukta meg,

men han overgav meg ikkje til døden.


Lat rettferds portar opp for meg,

eg vil gå inn og prisa Herren!


Dette er Herrens port,

her går dei rettferdige inn.


Eg prisar deg fordi du svara meg,

du vart mi frelse.


Steinen som bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein.


Dette er Herrens eige verk,

underfullt er det i våre auge.


Dette er dagen som Herren har gjort;

lat oss jubla og gleda oss no!


Salmane 118,14–24

Lesetekst 2

Eg kunngjer dykk, sysken, det evangeliet som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i. Ved det blir de frelste, så sant de held fast på ordet slik eg forkynte det for dykk; elles blir det til inga nytte at de kom til trua. For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke,

at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt,

at han vart gravlagd,

at han vart reist opp tredje dagen, som skriftene har sagt,

og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.

Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster. For eg er den minste av apostlane; eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfølgt Guds kyrkje. Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.


1. Korintar 15,1–11

Evangelietekst

Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er reist opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.


Lukas 24,1–9

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(104)

Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel

Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel

Lesetekst 1Kva skal eg koma fram for Herren med når eg bøyer meg for Gud i det høge? Skal eg koma til han med brennoffer, med årsgamle kalvar? Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar, titusenvis av oljeb...

6 Sep 10min

Mi trushistorie - Kveldsgudsteneste 13. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 23.08.2026

Mi trushistorie - Kveldsgudsteneste 13. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 23.08.2026

1. Korintar 12,4–11:Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. Tenestene er ulike, men Herren er den same. Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle...

23 Aug 24min

Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026

Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026

Lesetekst 1Men i di store miskunnforlét du dei ikkje i ørkenen.Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,men førte dei på vegen;og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,men lyste opp vegen dei skulle gå.Du ...

16 Aug 18min

Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026

Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026

Lesetekst 1Av David. Ein læresalme.Sæl er den som får sine brot tilgjevneog sine synder tildekte!Sælt er det mennesketsom Herren ikkje tilreknar skuld,som i si ånd er utan svik.Så lenge eg tagde, tært...

2 Aug 19min

Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026

Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026

Lesetekst 1Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denn...

19 Jul 15min

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Lesetekst 1:Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera...

5 Jul 12min

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Lesetekst 1Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrs...

7 Jun 23min

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Lesetekst 1Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanonog b...

3 Mai 20min

Populært innen Religion og åndelighet

rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
rss-lilli-isabelle
sektledere
sektpodden-2
rss-det-uforklarlige-med-victoria-skau
lydartikler-fra-aftenposten
andelig-pafyll-hver-tirsdag
rss-paradigmepodden
rss-andelige-tanker-med-camillo
dokka
rss-uhoytidelig-spirituell
ole-martin-og-einar-leser-bibelen
rss-losrevet
rss-pust-for-livet
rss-normalt-paranormalt
rss-grenselos-spiritualitet
and-vitenskap
rss-tro-tull-alvor
bibelen-pa-podkast
rss-lese-bibelen-sammen