81 - Skulesystemet i Noreg
Lær norsk nå!30 Aug 2021

81 - Skulesystemet i Noreg

Epost: Laernorsknaa@gmail.com

Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/81-skulesystemet-i-noreg

YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠

Støtt podkasten:

Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠

Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠

Det norske skulesystemet er bygd opp i to hovuddelar: Grunnskulen og vidaregåandeskule. Grunnskulen går frå 1. til 10. klasse og er obligatorisk for born mellom 6 og 16år. Grunnskulen er altså ikkje berre ein rett, men det er ei plikt. Alle born i Norge må gjennom minst desse 10 åra med skulegang.

Grunnskulen kan vidare delast inn i to delar: barneskulen og ungdomsskulen. Desse to pleier som regel å vera skilte i to ulike skular. I bygda eg kjem frå så var det to barneskular og to ungdomsskular. Alle desse hadde ulike bygg. Barneskulen går frå 1. til 7. klasse. 1. til 4. klasse blir kalla for småskuletrinnet. 5. til 7. klasse er mellomtrinnet. På barneskulen er det ikkje veldig store faglege krav. For eksempel er det ikkje karakter på barneskulen. Ein får ikkje ein karakter på barneskulen på prøvar og liknande. Likevel så har ein nasjonale prøvar. I Noreg har me nasjonale prøvar i matte, engelsk og lesing og skriving i 5. klasse, 9. klasse og 1. vidaregåande. Dette er prøvar som alle skuleelevar i Noreg må ha, slik at ein kan samanlikna resultata.

Barneskulen er altså frå 1. til 7. klasse. Etter barneskulen så går ein over på ungdomsskulen. Ungdomsskulen går frå 8. klasse til 10. klasse. På ungdomsskulen blir dei faglege krava større. Det er då ein byrjar å setta karakter på elevane. I Noreg har ein eit karaktersystem som går frå 1 til 6. 1 er den dårlegaste karakteren; det er stryk, eller akkurat som ein F i A-F systemet. 6 er den beste karakteren. Det er som ein A i A-F. I tillegg er det vanleg for lærarar å setja mellomkarakterar. Altså, dei kan setta på plussar eller minusar på karakteren. Til dømes 5+ (ein god femmar) eller 4- (ein dårleg firar). Nokre lærarar sett også ein karakter mellom to karakterar som 4/5 eller 3/2. På vitnemålet skal det derimot berre stå reine karakterar.

Ungdomsskuleelevane brukar desse karakterane til å søka seg inn på vidaregåande skular i Noreg. For å koma inn på dei beste skulane så må ein ha gode nok karakterar. Likevel har alle i Noreg rett til å koma inn på ein vidaregåande skule, men om dei ikkje har gode nok karakterar, er det ikkje sikkert at dei får velja sjølv.

På vidaregåande skule så byrjar ein å retta seg meir mot ein retning. Då må ein tenkja litt på kva ein vil gjera etterpå. I hovudsak kan ein velja enten studiespesialiserande retning eller fagbrevretning. Studiespesialiserande er for dei som ynskjer å studera på ein høgskule eller eit universitet etter vidaregåande skule.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(163)

3. Hvordan bli god til å skrive på norsk – intervju med doktorgradsstipendiat Camilla Lee ved Universitetet i Oslo

3. Hvordan bli god til å skrive på norsk – intervju med doktorgradsstipendiat Camilla Lee ved Universitetet i Oslo

Dictionaries: Universitetet i Bergen: ⁠⁠https://ordbokene.no/⁠⁠Oslo Met: ⁠⁠LEXIN⁠⁠Norsk Akademis Ordbok: ⁠⁠NAOB⁠⁠Eksempeloppgaver skriveprøven: ⁠⁠Eksempeloppgaver til norskprøven, øv til Norskprøven |...

7 Apr 15min

2. Skrivedelen av norskprøven, ulike skrivekulturer, høflighet i skrift – intervju med doktorgradsstipendiat Camilla Lee ved Universitetet i Oslo

2. Skrivedelen av norskprøven, ulike skrivekulturer, høflighet i skrift – intervju med doktorgradsstipendiat Camilla Lee ved Universitetet i Oslo

Dictionaries: Universitetet i Bergen: ⁠https://ordbokene.no/⁠Oslo Met: ⁠LEXIN⁠Norsk Akademis Ordbok: ⁠NAOB⁠Eksempeloppgaver skriveprøven: ⁠Eksempeloppgaver til norskprøven, øv til Norskprøven | HK-dir...

31 Mar 17min

1. Hvorfor er det så vanskelig å lære å skrive på norsk intervju med doktorgradsstipendiat Camilla Lee ved Universitetet i Oslo

1. Hvorfor er det så vanskelig å lære å skrive på norsk intervju med doktorgradsstipendiat Camilla Lee ved Universitetet i Oslo

Dictionaries: Universitetet i Bergen: https://ordbokene.no/Oslo Met: LEXINNorsk Akademis Ordbok: NAOBEksempeloppgaver skriveprøven: Eksempeloppgaver til norskprøven, øv til Norskprøven | HK-dir-------...

24 Mar 23min

121: Ytringsfrihet i Norge

121: Ytringsfrihet i Norge

Transcript: https://laernorsknaa.com/121-ytringsfrihet-i-norge/⁠Norsk for Beginner episode: Ytringsfrihet - Free Speech – Lær norsk nåBuy muy new book "Learn Norwegian with Norse Mythology": ⁠https://...

7 Mar 14min

Hvordan overvinne B1 platået og bli flytende i norsk med Norwegian with Ilys

Hvordan overvinne B1 platået og bli flytende i norsk med Norwegian with Ilys

Ilys's course to learn Norwegian: ⁠⁠⁠⁠https://www.patreon.com/c/NorwegianwithIlys⁠⁠⁠⁠Youtube Norwegian with Ilys: ⁠⁠⁠⁠https://m.youtube.com/@norwegianwithilys/featured⁠⁠⁠⁠Instagram Norwegian with Ilys...

19 Jan 13min

Hvordan lære norsk grammatikk med Norwegian with Ilys

5 Jan 12min

Hvordan lære å forstå norske dialekter sammen med Norwegian with Ilys

29 Des 202514min

Norsk uttale med Norwegian with Ilys

15 Des 202522min

Populært innen Fakta

fastlegen
dine-penger-pengeradet
relasjonspodden-med-dora-thorhallsdottir-kjersti-idem
foreldreradet
treningspodden
jakt-og-fiskepodden
rss-kull
rss-bisarr-historie
sinnsyn
mikkels-paskenotter
rss-strid-de-norske-borgerkrigene
rss-kunsten-a-leve
hverdagspsyken
takk-og-lov-med-anine-kierulf
level-up-med-anniken-binz
rss-bak-luftfarten
gravid-uke-for-uke
tomprat-med-gunnar-tjomlid
rss-var-forste-kaffe
aldring-og-helse-podden