Jesus bed for oss - Preike på 5. søndag i påsketida - 18.05.2025 - v/Stein Ødegård
Brynekyrkja18 Mai 2025

Jesus bed for oss - Preike på 5. søndag i påsketida - 18.05.2025 - v/Stein Ødegård

Lesetekst 1:

Då sa Salomo:


Herren har sagt

at han vil bu i ei mørk sky.


Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad, ein stad der du kan bu i all tid.

Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet! Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

1. Kongebok 8,12–13, 27–30

Lesetekst 2:

Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. Så er de ikkje lenger framande og utlendingar. Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til. De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. I han blir heile bygningen halden saman, så han veks til eit heilagt tempel i Herren, og i han blir de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Efesarane 2,17–22

Evangelietekst:

Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.


Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine. Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.

Johannes 17,6–11

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Denne episoden er hentet fra en åpen RSS-feed og er ikke publisert av Podme. Den kan derfor inneholde annonser.

Episoder(99)

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026

Lesetekst 1:Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera...

5 Jul 12min

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026

Lesetekst 1Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrs...

7 Jun 23min

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026

Lesetekst 1Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanonog b...

3 Mai 20min

Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026

Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026

Evangelietekst.Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord slik dei gjer blant folkeslaga; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før...

26 Apr 15min

Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026

Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026

EvangelietekstEg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulv...

19 Apr 34min

Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge

Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1De er mine vitne, seier Herren,og min tenar, som eg har valt ut,for at de skal kjenna meg og tru på megog skjøna at eg er Han.Før meg har ingen gud vorte forma,og etter meg skal ingen koma....

12 Apr 23min

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge

Lesetekst 1Herren er min styrke og min song, han har vorte mi frelse.Høyr, det er jubel og sigersrop i teltet til dei rettferdige! Herrens høgre hand gjer storverk,Herrens høgre hand lyfter opp. Herre...

5 Apr 26min

Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen

Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen

Lesetekst 1Herren sa til Moses og Aron i Egypt:Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. Men dersom huslyden er for liten ti...

2 Apr 15min

Populært innen Religion og åndelighet

rss-nesten-hele-uka-med-lepperod
lydartikler-fra-aftenposten
rss-lilli-isabelle
sektledere
sektpodden-2
rss-det-uforklarlige-med-victoria-skau
rss-den-andre-siden
rss-losrevet
ole-martin-og-einar-leser-bibelen
andelig-pafyll-hver-tirsdag
rss-normalt-paranormalt
rss-andelige-tanker-med-camillo
rss-paradigmepodden
dokka
rss-hel-med-mari
rss-kristen-norge
rss-pust-for-livet
vendepunkt
rss-espen-er-kristen
rss-tro-tvil-og-terapi-2