
Håkon Rydland Sæbø - om Fellesskap, Fiskehelse og Padling i Fitjarøyane
Han hadde budd i 13 hus før han fylte 12 år, hoppa på ski i Nord-Noreg, budde lenge i Odda, men landa til slutt på Fitjar. I dag er han veterinær med fokus på fiskehelse, styreleiar i idrettslaget på Fitjar og engasjert i alt frå fellesskap, gardsliv og venelaget for Longøyo. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Håkon Rydland Sæbø – ein mann med mange jarn i elden, eit smittande engasjement og god formidlingsevne.Sponsor: Fitjar KraftlagFitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør som er eigd av fitjarbuen sjølve, og av andre som er medlemer i kraftlaget.Fitjar Kraftlag bidreg òg til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, foreiningar og arrangement på Fitjar.Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.Fitjar Kraftlag feirar 90 år i 2025, og laurdag 27. september inviterer dei til jubileumsfeiring med familieaktivitetar, konsert og fest. Les meir på www.fitjar-kraftlag.no.Stor takk til Fitjar Kraftlag for at dei ville sponsa denne episoden!
15 Sep 1h 1min

Lena Christensen - Når bicepsen ryk: identitetskrise, rehab og nye mål
Ho har løfta tyngre enn dei fleste, teke gull i Noreg og Norden – og drive treningssenter gjennom både pandemi og krevjande år. Så smeller det: biceps ryker i konkurranse, og livet blir snudd på hovudet. I denne episoden fortel Lena Christiansen om vegen frå pall til operasjonsbord, om identitetskrise, rehabilitering og det beinharde mentale arbeidet som må til for å kome tilbake. Vi snakkar òg om kvifor eit treningssenter kan vere livline for folk flest, korleis du kjem i gang utan å «kunne alt», og kvifor ro, fjellstiar og ein treningspark på ei lita gresk øy blei redninga.Sponsor: Bømlo StorsenterPå Bømlo Storsenter, midt i Svortland sentrum, finn du mange fine butikkar der du vert tatt imot av imøtekomande tilsette!Her er òg bedrifter som Nemus, bank, tannlege, rekstenesteførar, BUA m.m.Mot torget finn du den koselege kaféen HiSio.Ved sida ligg den velrenommerte klesbutikken Østensen – som har kledd opp menn og damer i alle aldrar i fleire generasjonar.Lilly på Såpehuset produserer og sel dei lekraste såpene og badesalta.Likar du å trene, er Sporty Bømlo plassen å gå.Bømlo Storsenter har flotte kjedebutikkar som Princess, Nille, Mekk, Sport Outlet og Cubus.Apotek 1 Bømlo har alt du treng av medisinar og hudpleieprodukt.Treng du ein hårklipp, spør Isam Frisør.Hos NMS Gjenbruk finn du brukte skattar i ein stor og fin butikk, med ny avdeling for klede.Rema 1000 Bremnes set si ære i å tilby kundane ein velfylt butikk til einkvar tid.I nærleiken finn du Vinmonopolet.Hos Bømlo Velværesenter får du både hudpleie, hudpleieprodukt samt vakre klede og tilbehøyr.I oktober opnar Bømlo Storsenter Sams kontorfellesskap, der mange spanande bedrifter flyttar inn.Velkomen til ein triveleg handel på Svortland!
8 Sep 53min

Ulvar Akselsen: Frå Stord-politikk til stortingsambisjonar
Kva driv ein 23-åring til å stå i lange møte, banke på dører – og sikte mot Stortinget? I denne episoden får du møte Ulvar Akselsen (Ap), lokalpolitikar på Stord og sjettekandidat i Hordaland. Vi snakkar om kvardagen i utval for rehabilitering, helse og omsorg, lærdom frå oppveksten og samtalane heime med pappa Olav Akselsen, og korleis det er å kombinera studieliv, samboarskap og valkamp.Ulvar deler tankar om velferdsstaten, skatt og små forskjellar, unge på Stortinget, kampen mot utanforskap, og korleis me kan rigga Sunnhordland for framtida – frå industri og havvind til Hordfast. Du får òg høyra korleis dørbanking faktisk kjennest, og kvifor breie kompromiss av og til er vanskelegare enn dei ser ut.Ein open og energisk prat om politikk som rører ved kvardagen vår – lokalt og nasjonalt.-----------Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
1 Sep 47min

Reinert Svanberg om Personleg Fridom og Ansvar, Formuesskatten og Økonomisk Vekst
Han er litt over snittet interessert i politikk – og kjent for å vere kjapp både i hovudet og i replikken. I denne episoden møter du Reinert Svanberg. Me snakkar om oppvekst i Sagvåg, fagbrev og ingeniørstudier, kvifor han kallar seg «kontrær av natur», og korleis både arbeidsliv, internasjonale erfaringar og lokal industri har prega synet hans på politikk og samfunn.Personleg fridom og ansvar – ønsket om minst mogleg statleg styring og overstyring i folks liv.Økonomisk vekst og verdiskaping – behovet for å skape lønnsame arbeidsplassar utan å tape av syne miljø og lokalsamfunn.Formuesskatten – kvifor FrP ønskjer å fjerne den, og kva konsekvensar han meiner den har for norske bedrifter.Kompromiss i politikken – kvar grensene går for kva han er villig til å forhandle om, og kva han meiner ein ikkje bør fire på.Lokalpolitikk og arealsaker – erfaringar med dispensasjonar, reguleringsplanar og kritikk av statsforvaltaren si rolle.Internasjonal erfaring – lærdom frå å pendle og jobbe i Polen og Singapore, og korleis det påverkar synet på økonomi og samfunn.Hordfast – sett som den største framtidige moglegheita for Stord og Sunnhordland.Arbeidsliv og respekt for fagkompetanse – verdien av både fagarbeidarar og ingeniørar, og korleis dette formar politikken hans.-----Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
25 Aug 1h 4min

Astrid-Cecilie Flisram – Friluftsglede for Små og Store i Barnas Turlag
Ho er over gjennomsnittet glad i både ungar og tur, og no er ho leiar for Barnas Turlag Stord–Fitjar. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Astrid-Cecilie Flisram, som deler både humoristiske turopplevingar, tips for å få med barn på tur – og kvifor turleiarar og frivillige er så viktige for fellesskapet.Vi snakkar om alt frå knekt tann på crossfit-fest, til å gå ned på «feil side» av Utslettefjellet, til magiske hengekøyturar ved sjøen. Astrid-Cecilie fortel òg om komande arrangement, kano-utleige, topptrimkort og kvifor ein sjokolade kan gjere underverk på tur.Høyr om friluftsglede, dugnadsånd og små og store opplevingar i naturen – for heile familien.Sponsor: Fargerike MalerbodenI dag er episoden sponsa av Fargerike Malerboden – din lokale ekspert på farge, golv og interiør.I over 40 år har familieverksemda Fargerike Malerboden på Heiane levert kvalitet, fagkunnskap og god service til folk i Sunnhordland.Her finn du alt frå maling, tapet og solskjerming, til golv, fliser og verktøy – i tillegg til tenester som fargerådgjeving og handverkshjelp, for å nemne noko.Med Miljøfyrtårn-sertifisering tek dei òg ansvar for klima og miljø.Stikk innom Fargerike Malerboden – vegg i vegg med Rema 1000 på Heiane – og få hjelp til å skape ditt draumeheim.Kontakt: malerboden@fargerike.no Nettside: https://www.fargerike.no/fargehandel/stord
18 Aug 42min

Rune Valvatne Ask og Olav Tveiten - om Sunnhordland Kampsportklubb, Gratis sjølvforsvarskurs for damer og treningstilbod for ungdom
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Olav Tveiten og Rune Valvatne Ask frå Sunnhordland Kampsportklubb. Dei brenn for kampsport og sjølvforsvar – ikkje berre som ein sport, men som eit verktøy for tryggleik, meistring og fellesskap. Her får du høyre korleis klubben blei til, kvifor dei no satsar på ungdomstrening og gratis sjølvforsvarskurs for damer, og kva kampsport har lært dei om disiplin, respekt og livserfaring.Vi snakkar om alt frå mytar om sjølvforsvar til korleis treninga kan byggje sjølvtillit, førebygge mobbing og gjere deg betre rusta til å handtere vanskelege situasjonar.Høyr om Fenris Street Protection, Kali Silat Evolution og bli inspirert! Sjekk ut Sunnhordland Kampsportklubb på Facebook: https://www.facebook.com/profile.php?id=61571581160389---Denne episoden har ingen sponsor.Men heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
16 Aug 54min

André Eide - frå Mobbeoffer til Pianostjerne
André Eide er ein pianist med følgjarar frå heile verda – snart 400 000 på Facebook – og blodfansen reiser langt for å høyre han spele. Men han har og ei historie, med mobbing i oppveksten. Og han har utfordringar med svindlarar som misbrukar namnet hans på nett. I denne episoden av SunnhordlandPodden fortel André ope om livet som pianist, kvardagen med konsertar og sosiale medium – og kvifor han vel å bruke historia si for å setje fokus på mobbing. Altfor mange born opplever mobbing, og det får store konsekvensar.Oppmodinga er klar – bry deg!Sponsor: Elie VerkstadMidt i hjartet av Leirvik på Stord ligg Elie Verkstad – ein blomsterbutikk litt utanom det vanlege.I den detaljerike / Innholdsrike butikken i Sæ finn ein alltid eit stort utval ferske, vakre blomster og planter.Elie Verkstad hjelper kundane sine med alt frå brudebukettar og borddekorasjonar til blomar til gravferd – alltid med omtanke og kvalitet.Dei ønskjer å gjere både dei store og dei små dagane vakre – anten det er bryllaup, sorg, bursdag eller ein heilt vanleg tysdag.Ønsker du å bestille, kan du kontakte Elie Verkstad på telefon 970 92 615, eller sende ein e-post til elieverkstad@gmail.com.Elie Verkstad – blomster til livet, i sorg og i glede.
11 Aug 38min