
Ingvill Hystad Kyvik - Livet med barn med spesielle behov, inkluderande samfunn og likeverd
Korleis er det å vere forelder til eit barn med spesielle behov – med alt frå kvardagsgleder til djupe dalar? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Ingvill Hystad Kyvik, klinikkdirektør i Helse Fonna og mamma til Anders. Ingvill deler ærlig om erfaringar frå kvardagen, overganger, motgang og håp – og korleis små ting, som eit hei på butikken eller ei russejakke, kan bety alt. Dette er ein viktig og varm samtale om inkludering, likeverd og det å finne glede i det som er heilt vanleg. Sponsor: Subshore - https://subshore.noSubshore er en multiindustriell selskapsgruppe med hovedkontor på Stord. Subshore leverer høyt kvalifisert personell og tjenester til både prosessindustrien, skipsverft, skipsindustrien, offshoreverft og elektro, i tillegg til fornybare industrier. Subshore har datterselskaper i Litauen og Romania, der vi har egne prefabrikasjonsverksteder og ingeniøravdelinger.
21 Apr 52min

Øystein Hillestad - om Malerboden, Vårpuss, Rekecocktail og Terrortrussel
Våren er i lufta, og mange vurderer å pussa opp – men kva bør du eigentleg gjera med terrassen, huset eller fargevalet i år? Øystein Hillestad, dagleg leiar for Fargerike Malerboden deler sine beste tips. Dette er ein episode full av praktiske tips, lune skråblikk og gode historier – om alt frå nisemaling og ristemaskin-kaos, til fotball, familiebedrift, rekecocktail med makaroni og terrortrussel i Spania. Sponsor: Erko Settefisk ASErko Settefisk AS – eit selskap med base i Sagvåg på Stord, og ein del av Hauglandgruppen i Bergen. Erko Settefisk produserer smolt og postsmolt til Erko Seafood sine matfiskanlegg, og har eit moderne og framtidsretta RAS-anlegg, i tillegg til sitt eige klekkeri. Her blir rognen klekka, og fisken får tett oppfølging gjennom heile produksjonsløpet – heilt til den er klar for sjøen. Erko Settefisk produserer smolt heilt opp mot 1 kilo, og er stolte av å bidra til ein bærekraftig og ansvarleg sjømatnæring. Du finn dei i Grunnavågsvegen 81 i Sagvåg, og vil du vite meir, kan du blant anna lesa den årlege rapporten i tråd med Åpenhetslova – tilgjengeleg på nettsida deira. Takk til Erko Settefisk for at dei ville sponse denne episoden av Sunnhordlandpodden!
14 Apr 59min

Britt Heidi Værøy - om Fest i Vest, Dugnadsånd og møte med ein Tarantell
Kven står bak det som kanskje er Vestlandets koseligaste festival? Bli med når me slår av ein god prat med festivalsjef Britt Heidi Værøy om Fest i vest, som går av stabelen i Sagvåg 27.-28. Juni 2025. Her blir det snakk om ekte dugnadsånd, artistar og sjørøvershow!Du blir og betre kjent med Britt Heidi Værøy som har hjarte for bygda, blikk for detaljar og ei imponerande CV frå både butikkgolv og festivalrigg. Du får og høyra om eit uventa møte med ein tarantell! 🎶⚓🕷️Sjekk ut: https://festivest.no Sponsor: Aker Solutions Det skjer mykje spanande på verftet på Stord for tida. Dei store fornybarprosjekta Sunrise HVDC og East Anglia nærmar seg ferdigstilling, m medan olje- og gassprosjekta Hugin A og Valhall PWP no tek form ute på verftsområdet. Samtidig er Aker Solutions i gong med årets lærlingeopptak, der målet er rundt 50 nye lærlingar. Dei ser også etter dyktige fagfolk til produksjonen. For meir informasjon sjå https://www.akersolutions.com
11 Apr 34min

Ingvild Eskeland Sæterbø - om Sæterbø - Huset i det stille, Bipolar lidelse og Skam
Ingvild er aktuell med kontoen @fjellgarden_saeterboe der ho viser fram gamlahuset på Sæterbø som er til leige på airbnb. Ho skriv historie attende til år 1590 frå garden og deler gamle bilete samt krydrar med innblikk i gardslivet med alle dei firbeinte og fjørkledde. Dei som har sett Ingvild forbinder ho nok med eldre hus, oppussing, fargar og interiør, piknik og champagne med utegrisar og rosa kjeledress. Men bak den utadvente og smilande fasaden har ho skjult tunge depresjonar og møte med den kjende veggen, som til slutt enda med uføretrygd. Ingvild fortel om skam og redsel, bipolar lidelse, vegen ho har gått og korleis ho har det i dag. Følg gjerne kontoen @fjellgarden_saeterboe! Og om du lengtar etter ei helg litt utanom det vanlege så kan du booka deg inn nokre netter i huset på Sæterbø med hjorten som næraste nabo.🏡 Vil du bu i huset på Sæterbø? Sjekk Airbnb!
7 Apr 43min

Vivian Gjøen Helgaland - om Livet, lyset og motet til å satse 🎨
Vivian Gjøen Helgaland ei kreativ og modig kvinne som 5. april opnar si aller første soloutstilling på Print og Ramme i Lervik sentrum. Med temaet Livet og Lyset deler ho både glede og sorg, oppturar og nedturar. Du får høyre om oppveksten på Bømlo, kunstnarglede, drillstaven, livet som småbarnsmor, tapet av ektefelle og å finna kjærleiken på nytt. Vivian deler om å reise åleine til Frankrike for å leve ut kunstnardraumen. Og om kvardagen på Stord Kristne Skule, der ho no jobbar og trivst som fagarbeidar.Dette er ei sterk, livsnær og inspirerande historie om å finne håp, meistring og glede – og om å tørre å leve heilt og fullt, trass livets utfordringar.Følg: https://www.instagram.com/happiness_artofglory/Sponsor: Sponsor for denne episoden er Stord Kristne Skule – SKS!Visste du at SKS er den einaste privatskulen i Stord kommune?Her går det 41 elevar og jobbar 17 dedikerte tilsette – og no er dei på jakt etter fleire gode folk!Har du eit hjarte for barn og unge, og ønskjer å vera med og byggja eit trygt og kristent skulemiljø? Då bør du sjekka ut stillingane som lærar på ungdomstrinnet, SFO-leiar og assistent. 👉 Søknadsfristen er 11. april!Har du et barn som vil bli elev på SKS? Sjekk ut stordkristneskule.no, der finner du mer informasjon om hvordan du søker. Stord Kristne Skule – ein skule med verdier, varme og visjon. 💙
3 Apr 40min

Bitta Bøthun Bjørnsdotter – om Malemoro, Kreativitet og Håp på lerretet
Bitta Bøthun Bjørnsdotter brenn for å gje folk ein kreativ pause i kvardagen. Gjennom konseptet Malemoro på Stord Hotel skapar ho rom for både leik, livsglede og djupare refleksjon – uansett om du har halde i ein pensel før eller ikkje.I denne episoden får du høyra korleis kunsten blei både terapi og levebrød for Bitta etter tøffe helseutfordringar og tap, og korleis ho no brukar erfaringane sine til å løfta andre.Ho deler ope om kunsten, smerta, gleda og draumane for framtida.Dette er ein sterk, ekte og inspirerande samtale om kreativitet som livskraft.Sjekk ut: https://bittabjornsdotter.art https://www.facebook.com/ArtistBittaBjornsdotter/https://www.instagram.com/artistbittabjornsdotterhttps://www.instagram.com/malemoro_stordSponsor: 🎙️ Dagens episode er sponsa av Stord Hotell!Har du lyst på ein spanande jobb i eit triveleg og livleg arbeidsmiljø?Stord Hotell har fleire ledige stillingar – mellom anna søkjer dei ein assisterande restaurantsjef i 100 % stilling.Er du ein leiar som klarer å motivere og skapa engasjement?Har du lidenskap for mat, vin og god service?👉 Då kan dette vera jobben for deg!Søk no – eller tips ein ven som du trur kan passa!Det er òg ofte moglegheit for å få jobb som ekstrahjelp på Stord Hotell,så sjekk ut nettsida: stord-hotell.noDer finn du oppdatert informasjon om ledige stillingar.Stor takk til Stord Hotell for at dei er med og sponsar denne episoden!
31 Mar 47min

Lea Qvistgaard - Butikksjef, fjellgeit og Brasiliansk jiu-jitsu-utøvar med store ambisjonar
Bli kjent med den energiske og allsidige Lea Qvistgaard – ei dame som kombinerer brasiliansk jiu-jitsu, butikkdrift, fjellturar og lokalt engasjement med eit smil og ein god dose råskap.Lea styrer Joker Onarheim med stødig hand og skaper ein sprudlande og kreativ arbeidsplass midt i bygda. Samtidig brenn ho for lokalt næringsliv, bygdelaget, idretten – og fjellturar med ungane (gjerne med ein kvikklunsj på toppen).Som 32-åring tok Lea tak i ein gamal draum: kampsport. No trenar ho brasiliansk jiu-jitsu 4–6 gonger i veka, konkurrerer på høgt nivå, har blått belte – og drøymer stort: VM-gull. I samtalen deler ho korleis sporten har forandra livet hennar, og kvifor ho meiner fleire jenter burde prøva seg på matta.Lea er eit fyrverkeri av energi, initiativ og inspirasjon – både i nærmiljøet og på kampmatta.Sponsor: Tysnes gjev meirsmakTysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. https://www.visittysnes.no
24 Mar 30min

Cecilie Tingvoll Hope - om Eventyrlyst, Tsunami, Gründerskap på Bømlo og Amundsen Kabel
Kva gjer du når eventyrlysta tek overhand, og du hamnar midt i ein av dei største naturkatastrofane i moderne tid? Cecilie Tingvoll Hope frå Sagvåg fekk backpackersekk til konfirmasjonen, reiste åleine til Thailand som 20-åring – og enda opp som snorkelguide. Så, ein dag i desember 2004, vakna ho til eit mareritt: Tsunamien.Høyr om: 🌊 Den dramatiske dagen då tsunamien ramma Thailand⚡ Amundsen Kabel – gründerliv på Bømlo💡 Kvifor mestring og å ha det gøy på jobb er viktig Ein episode om å følgje draumar, takle kaos og finne meining i utfordringar. NB: Vil du støtte Sunnhordlandpodden? Du kan bidra med 29 kr i månaden for å «halde SunnhordlandPodden i live» ♥️💸 Vil du bidra til framsnakking? Bli med på laget :-)Sjekk: https://creators.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe
17 Mar 54min