
André Eide - frå Mobbeoffer til Pianostjerne
André Eide er ein pianist med følgjarar frå heile verda – snart 400 000 på Facebook – og blodfansen reiser langt for å høyre han spele. Men han har og ei historie, med mobbing i oppveksten. Og han har utfordringar med svindlarar som misbrukar namnet hans på nett. I denne episoden av SunnhordlandPodden fortel André ope om livet som pianist, kvardagen med konsertar og sosiale medium – og kvifor han vel å bruke historia si for å setje fokus på mobbing. Altfor mange born opplever mobbing, og det får store konsekvensar.Oppmodinga er klar – bry deg!Sponsor: Elie VerkstadMidt i hjartet av Leirvik på Stord ligg Elie Verkstad – ein blomsterbutikk litt utanom det vanlege.I den detaljerike / Innholdsrike butikken i Sæ finn ein alltid eit stort utval ferske, vakre blomster og planter.Elie Verkstad hjelper kundane sine med alt frå brudebukettar og borddekorasjonar til blomar til gravferd – alltid med omtanke og kvalitet.Dei ønskjer å gjere både dei store og dei små dagane vakre – anten det er bryllaup, sorg, bursdag eller ein heilt vanleg tysdag.Ønsker du å bestille, kan du kontakte Elie Verkstad på telefon 970 92 615, eller sende ein e-post til elieverkstad@gmail.com.Elie Verkstad – blomster til livet, i sorg og i glede.
11 Aug 38min

Helen Daae Frøyseth - om et skriveliv, refusjonar, nettroll og livet på Tysnes
I 2024 debuterte Helen Daae Frøyseth med boka Et skriveliv. I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du høyra ei sterk og ærleg historie om å våga, skriva – og om å bli møtt av både heiarop og motstand.Vi snakkar om skrivelyst, kjærleik til poesi, litterære refusjonar, overgangen frå byliv i Bærum til bygdeliv på Tysnes – og ikkje minst: korleis det kjennest når boka endeleg er ute, og verda skal meine noko om det du har skrive.Helen deler òg opent frå tida som redaktør i Bladet Tysnes – inkludert korleis det var å bli råka av nettroll på ein liten plass.Du får òg høyra kva som kan gjera henne adrenalinsint …Dette er episoden for deg som…drøymer om å skriva, men lurer på om du er god nokhar kjent på både skrivelyst og skrivesperrevil høyra korleis det er å debutera med boker nysgjerrig på livet som redaktør i lokalavishar opplevd nettroll og kjenner på behovet for mot og grenserlikar poesi, nynorsk og ærleg refleksjonvurderer å flytta frå by til bygd – eller har gjort dettreng ein påminnar om at det å stå i motstand òg er ein del av livsreisaSlå følgje med Helen på Instagram: https://www.instagram.com/haldefram/ Boka, Et skriveliv, kan du kjøpe her: https://www.ark.no/produkt/boker/skjonnlitteratur/et-skriveliv-9788281633162 Sponsor: Tysnes gjev meirsmakTysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. https://www.visittysnes.no
4 Aug 57min

Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug - om The Sound of Music, Nynorsk, Edelweiss og litt Matematisk Forvirring
I denne episoden får du møte Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug, to sentrale personar bak Bømlo Teater si storsatsing The Sound of Music – for aller første gong på nynorsk og på utescene i majestetiske Moster Amfi. Me snakkar om strekk og sveitte, myggar (altså mikrofonar – ikkje insekt), oversetjingar som både må høyrest fine ut og vere gode å synge, og kvifor Edelweiss fekk gamle karar til å bryta ut i mannskor på aldersheimen.Me får høyre om kvifor det å bygge scenografi i Amfiet er som å bygge eit hus (som straks skal rivast), og kvifor det faktisk kan vere heilt greitt. Og kvifor åtteåringar som står timevis i solsteiken, får Gunvald til å skjerpa seg. Her blir det smil, inspirasjon og ekte teatermagi – ispedd litt matematisk forvirring om kor gamal filmen eigentleg er...Dette er episoden for deg som:elskar musikallurer på kva «strekk» betyr i teaterverdaog som kanskje (bittelitt) vurderer å bli frivillig neste gong Bømlo Teater ropar ut! NB: Billettane går fort! Sponsor: Finnås KraftlagFinnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemmene sine.Målet er å fremja interessene til innbyggjarane og verksemdene i konsesjonsområdet.Dette gjer dei ved å driva med produksjon, distribusjon og sal av energi, tilby breibandstenester gjennom attraktive produkt frå Altibox, og ved å dela ut gåver til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.Medlemmene får også kjøpsutbytte basert på samhandel med selskapa i konsernet.Finnås Kraftlag er ein lokal aktør som er genuint oppteken av utvikling og trivsel i nærmiljøet til kundane sine.Ein stor takk til Finnås Kraftlag for at dei sponsar denne episoden!
28 Jul 57min

Helene Torkelsen - om Leire, Skaparglede og Keramikk
Helene Torkelsen frå Moster både brenner for leira – og brenner leira. Ho har skapt sitt eige atelier og univers av vakre bruksgjenstandar i keramikk, midt i ein travel kvardag med tre små ungar og fulltidsjobb som lærar. I denne episoden får du bli betre kjend med Helene, som deler historia si om å gå frå kreativ lærar til sjølvlært keramiker med eige brennerom, eigen nettbutikk – og draumen om å leve av det ho elskar å skape.Vi snakkar om estetikk og inspirasjon, kvifor det er viktig å skape sjølv om det ikkje blir perfekt, og korleis det er å stå på marknad med baby på armen. Du får òg høyra om hytta dei har bygd i hagen – som no husar gjestar frå heile verda via Airbnb!🎨 Finn Helene på Instagram: https://www.instagram.com/atelier_helenetorkelsen/ 🌐 Og sjekk nettbutikken hennar: https://www.atelierhelenetorkelsen.com Sponsor: dreieskive.noHar du lyst å utforska kreativiteten din med leire? Då bør du ta turen innom dreieskive.no!Dei tilbyr solide og stillegåande dreieskiver – perfekte for deg som vil koma i gang med keramikk heime, utan stress.Du får god kvalitet, rimelege prisar og skikkeleg god service.Og det beste av alt: 14 dagars returrett og 2 års full garanti!👉 Besøk dreieskive.no – og sett fart på kreativiteten din!
21 Jul 42min

Svein Arne Sørgård – om Sommerfestivalen Espevær, Gründerliv og Teknologi
Svein Arne Sørgård har fartstid frå verdsleiande selskap som Sony, Universal og UFC, og har jobba tett på teknologi, musikk og business i storbyar som Las Vegas og Nanjing. No har han landa midt i havgapet – på den vesle perla Espevær– og byr på sommarens hyggelegaste festivaloppleving!I denne episoden tek han oss med frå barndommen i Kirkenes og DJ-jobb på 80-talet, til livet som gründer, utviklar og no festivalskapar.25. og 26. juli 2025 inviterer han heile familien til Sommerfestivalen Espevær – ein inkluderande folkefest fylt med musikk, god mat, aktivitetar, fellesskap og ekte øystemning.🎶 Her møter du DJ Walkie, Elias-båten, smakfull røykelaks, lokalmat frå Jæren – og aktivitetar for store og små. Alt samla i det unike festivaluniverset A Walk in the Park, som for første gong kjem til Espevær!Vi snakkar òg om livet som gründer, om å byggje noko varig – og om å brenne for at barn, unge og familiar skal få opplevingar saman utan at lommeboka må blø.🗓️ Festivaldatoar: 25.–26. juli 2025🎟️ Billettar: hoopla.no📲 Følg festivalen på Facebook: Sommerfestivalen på EspeværSponsor: Subshore - https://subshore.noSubshore er eit selskap som ønskjer å gjera ein forskjell – for menneske, miljø og lokalsamfunn. Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, har dei eit sterkt engasjement for å byggja eit varmt og inkluderande samfunn.Difor er Subshore stolte av å støtta Sommerfestivalen på Espevær – ein lågterskelfestival for heile familien, full av glede, fellesskap og gode opplevingar. Festivalen speglar mange av dei same verdiar som Subshore sjølv står for.Og ikkje minst: Dei som jobbar på festivalen, gjer det iført eigne Bry deg-t-skjorter – ein synleg påminning om kva slags kultur både festivalen og Subshore ønskjer å skapa. Ein kultur der ein ser kvarandre, heiar på kvarandre og gjer kvarandre gode.Gjennom slike samarbeid bidreg Subshore aktivt til å forma eit berekraftig og omsorgsfullt samfunn – både for oss som lever no, og for generasjonane som kjem.
14 Jul 47min

Henriette Alsaker – Frå Karateslag til Løpesko: Eit liv i full fart
I denne episoden møter du Henriette Alsaker, ei energibombe frå Stord.Som åtteåring blei ho hekta på karate, og allereie som 12-åring tok ho svart belte – den første i Noreg som klarte det i så ung alder.Ho reiste heilt til VM i Japan som 13-åring, og fekk seg ein karriere full av trening, NM-gull og tøffe kampar.Du får høyre historia om kraniebrotet som snudde alt, og kvifor Henriette valde å satse på løping i staden.No jaktar ho nye mål saman med løpetrener Lars Lunde, og drøymer om å springe mila på under 35 minutt.Ho deler óg frå audition-opplevingane sine i The Voice, kvardagen som dagleg leiar for Ark på Stord Amfi, kjærleiken til søstera si – og livet midt i oppussing og familieliv.🔑 Stikkord for episoden: målbevisstheit, mental styrke, disiplin og glede – og om å tørre å vere litt egoistisk når ein jaktar draumane sine.Sponsor: Aadland og Gundersen bygg As Aadland og Gundersen bygg leverer kvalitet – frå totalrenovering og etterisolering til plassbygde garderobar, tilbygg og montering av kjøkken.Her snakkar me om dyktige, effektive og blide fagfolk som gjer jobben – med godt humør og imponerande presisjon. Enten det handlar om nytt tak, nye vindauge, kledning eller oppussing av stova, så leverer dei – kvar einaste gong.Ingen oppdrag er for små – og kvar kunde blir møtt med ekte engasjement og solid handverk.👉 Ta kontakt med Aadland og Gundersen bygg – når du vil ha jobben gjort skikkeleg!
7 Jul 1h 26min

Anja Hope – om Stabilt Blodsukker, Gründerreise og Naturleg Hudpleie
Anja Hope er litt over snittet glad i dyr – og mykje meir enn gjennomsnittet oppteken av kosthald, blodsukker og helse.I denne episoden av Sunnhordlandpodden deler ho si inspirerande reise frå økonom til gründer av Nourish – naturleg hudpleie med produkt baserte på talg frå økologisk storfe.Vi snakkar om IBS, ekte mat, biohacking, katten Kokos, ein protest mot elefantar på sirkus – og om kvifor ho valde å hoppe ut av ein trygg jobb for å satse på hudpleieprodukt og helsehjelp til andre.Vi kjem òg innom:Ultraprosessert matBlålysbrillerSøvnoptimaliseringKontinuerleg glukosemålingElektrolyttarDigitale kursLivsstilsendringSjekk ut:nourishme.noanjahope.noFølg gjerne: @anjahope.no på InstagramSuperstate – nettbutikken som blei starta fordi dei rett og slett var lei av billige og dårlege kosttilskot.Superstate ønskjer å tilby produkt dei faktisk kan stå inne for – med ingrediensar som er gode for kroppen og testa av dei sjølve.No i sommar vil Superstate tipse deg om SALTE elektrolyttar – 100 % reine elektrolyttar med god smak, heilt utan sukker og fyllstoff.Faktisk brukte Superstate nesten eitt år på å få til den rette formelen, fordi dei ville lage eit produkt som verkeleg fungerer – og som dei er stolte av å selje over heile Europa i dag.SALTE elektrolyttar passar perfekt:– Når du er på ferie i varmen og vil unngå å bli dehydrert– På eller etter flyreisa – lufta i kabinen tørkar ut kroppen raskt– Før og etter eit glas vin eller to – for å unngå hovudverk og bakrus– Etter trening – for å fylle på viktige salt og unngå krampar– Og om du skulle vere uheldig og bli sjuk med oppkast eller diaré – då er elektrolyttar gull verdtSjekk ut superstate.no og les meir om SALTE og andre produkt som faktisk gjer godt for kroppen din!
30 Jun 42min

Trine Bekkenes – 25 år med Pepper Hårstudio: ei reise i frisørfaget, fellesskap og lidenskap
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Trine Bekkenes, frisøren som i 25 år har bygd opp Pepper Hårstudio til å vere ein salong som handlar om meir enn hår. Trine deler historia om oppstarten, gleda i faget, og korleis ei god hårklipp kan bety langt meir enn berre det ytre.Ho fortel om hårshow, utfordringar og gleder, om å sjå folk og skape tryggleik – og om korleis håret nokre gonger speglar livets oppturar og nedturar.Trine deler òg tankar om rekruttering til frisørbransjen, kva som gjer ein frisør god, og gir gode råd til deg som vil ta vare på håret i sommarsola. Bli betre kjent med ei kvinne som brenn for folk, fellesskap og frisørfaget!Sponsor: Velværetunet Trenger du et friminutt i hverdagen? 🌿Velværetunet på Stord er stedet hvor ro, velvære og fagkunnskap møtes. Ligger idyllisk til like utenfor Leirvik sentrum, i et fredelig område hvor du kan parkere rett utenfor døren.Velværetunet tilbyr et bredt spekter av behandlinger:🌸 Hudpleie og spa-behandlinger💆♀️ Massasje for total avkobling💄 Makeup og pleie for bryn og vipper🧖♀️ Sauna og massasjebadI de lyse, romslige lokalene får du profesjonell behandling av Anne Britt Ottesen som brenner for å gi deg økt velvære. Velværetunet har lokale på 140 kvm, med 3 behandlingsrom + 1 dag SPA, butikk og kurslokale. Anne Britt har over 20 års erfaring og står klar til å ta imot deg med trygghet og omsorg.Gi deg selv – eller noen du er glad i – en velfortjent pause. Bestill din time hos Velværetunet i dag!🌿 Velkommen til et friminutt i hverdagen! 🌿
23 Jun 43min