
#43 - Fritt Ord, høyrer de dette?
Mariell og Jostein tek føre seg dei individuelle historiene til bøker som fysiske objekt, den italienske melodi grand prix-ekvivalenten SanRemo og snublar inn i ein overraskande utfordrande samtale om...
12 Feb 202247min

#42 - Friminutt
Foreldri til Jostein er borte, så ungane steller heime åleine, medan Mariell og Jostein spelar inn podkast. Kan dette gå bra? Sjølvfylgjeleg ikkje! Men innimellom avbroti får me diskutert ungars oppfa...
30 Jan 202253min

#41 – Alt kan ikkje vera fornuftig
Audeland er attende med ein nye episode, full av «vill spekulasjon og ugrunna meiningsytring» – Jostein sine ord, ikkje mine! Me diskuterer Kongehuset, den ljose sida av jantelova (?) og det nye prosj...
21 Jan 202233min

#40 – Liksom eit slags bokbad
Godt nyttår! Mariell og Jostein tek ein pause frå bakeriførebuingane, for å finne ut kva for éi av dei mange bøkene Mariell har lese nyleg som skal bli Jostein si neste post-reformatoriske leseopplevi...
8 Jan 202249min

#39 – Jeanette Marie (m/familien Øyre)
I Audeland vågar me som vanleg å ta debatten, med modige Fritt Ord-fiskande diskusjonsspørsmål som: Oppdreg me små kapitalistar? Korleis veit du om du har valt rett namn på ungane dine? Kva skal ein ...
18 Des 202154min

#38 – Så parodisk og så korrekt
Mariell og Jostein obduserer julebordsopplevingi frå kvelden før, skryter av den nye vindaugspussaren sin og drøfter i detalj Mariell sin klesstil – kva han uttrykkjer og korleis han blir som han blir...
5 Des 202150min

#37 – Medan du sit i eit hjørne og brettar trusene dine
Det er fyrste søndag i advent, og Mariell og Jostein er gira, iallfall på visse aspekt av det. Jostein har skrive nytt adventsvers, som han urframfører på podden, med fyrstikklydeffektar og bakgrunnsm...
28 Nov 202150min

#36 – Bravo! Bravo! Bravo! (med Fredrik Høstaker)
Audeland er tilbake, og vår elskede ven Fredrik er med oss live i stovestudioet og kjem med den informasjonen me alle lurer på: Korleis ville eit besøk hjå Mariell og Jostein ranka, dersom me var eit ...
22 Nov 202148min




















