Søvnpodden

Søvnpodden

Søvnpodden er SOVno sin podkast for alle som søv. Anten du sliter med søvnen, behandlar folk med søvnproblem eller berre vil lære litt meir om søvn så er dette podkasten for deg!

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episoder(27)

Pustestopp og CPAP

Pustestopp og CPAP

Søvnapné betyr pustestopp under søvn, og det er jo ikkje særlig gunstig for søvn og helse. Heldigvis finst det veldig god behandling! CPAP er ei maskin som, via ein slange og ei maske, blåser (forsiktig) luft inn i nase og munn for å halde luftvegane opne når du søv. I denne episoden fortel lungesjukepleiar Hilde Tveit deg alt du treng vite om CPAP, anten du nettopp har fått diagnosen søvnapné og skal starte behandling, eller du er ein erfaren CPAP-bruker, eller om du deler soverom med nokon som bruker CPAP. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

6 Mar 33min

Ta søvnhygienen din på alvor!

Ta søvnhygienen din på alvor!

Søvn er avgjerande for god helse. For å ha god søvn og førebyggje søvnproblem er det viktig med god søvnhygiene. Men kva betyr det egentlig å ha god søvnhygiene? I denne episoden av Søvnpodden forklarar vi kva søvnhygiene er, og vi serverer deg alle søvnhygieneråda du treng for å legge til rette for god søvn i kvardagen. Og ikkje minst – vi forklarer KVIFOR råda er viktige og KORLEIS dei påverkar søvnen din. Lytt til episode 16: Ta søvnhygienen din på alvor! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

10 Jan 23min

Søvn hos eldre

Søvn hos eldre

Denne episoden av Søvnpodden er for deg som er gammal, eldre eller eldst. Men óg for deg som kjenner nokon eldre, som ein dag har tenkt å bli gammal eller som jobber med dei aller eldste. For kva skjer egentlig med søvnen når vi grånar, og kva kan vi gjere for å sove så godt som mogleg i denne delen av livet? Søvnpodden har snakka med geriater og forskar Marit Stordal Bakken om søvn og søvnproblemer hos eldre - frå den spreke og yrkesaktive 65-åringen til den 90-årige sjukeheimspasienten med stort omsorgsbehov. Og som ein bonus får du ei innføring i korleis ulike vanlige medikament påvirker søvn. Marit er nemlig ekspert på eldre og legemiddel! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

12 Des 202426min

Vinterdepresjon

Vinterdepresjon

Synes du høst- og vintermånadane er lange og mørke? Er du nedstemt, lite opplagd, og kjenner på søtsug og alltid trang for enda meir søvn? Då er denne episoden av Søvnpodden for deg! Vinterdepresjon er ein form for depresjon som dukkar opp i dei mørke månadene av året, og pregar deg med auka matlyst og søvnbehov, i tillegg til vanlege symptom på depresjon som nedstemthet, negative tankar og tiltakslause. I denne episoden av Søvnpodden har vi snakka med psykiater og søvnlege Fred Holsten, som forteller oss korleis vi kan førebygge og handtere vinterdepresjon. Spoileralert: LYS!!! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

22 Nov 202426min

Søvnapper

Søvnapper

Stadig fleire bruker smartklokker og søvnapper til å følge med på egen søvn. Dei fortel deg kor mykje du har sove, nokon gir til og med tilbakemelding på søvnkvalitet og søvnstadier, og andre igjen meiner å kunne identifisere (og vekke deg på) det optimale tidspunktet for morgon-våkning. Men kan vi egentlig stole på det desse appane fortel oss? I denne episoden av Søvnpodden snakker vi om kva søvn er, korleis søvn kan målast, og kor pålitelige (eller upålitelige) vi synes søvnapper er. Gjest i studio er professor Bjørn Bjorvatn - sjefen vår - og kanskje Noregs fremste søvnekspert. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

24 Okt 202424min

Søvn og ADHD

Søvn og ADHD

Rundt 5 % av barn og unge i Noreg har ADHD. Mange av dei opplever utfordringar i forhold til søvn, samtidig som lite søvn ofte gir ei forverring av ADHD symptoma.Søvnpodden har snakka med Ole Andreas Hovda, barne- og ungdomspsykiater, om dei vanlegaste søvnvanskane barn og unge med ADHD opplever, kvifor søvn er spesielt viktige nettopp for dei, og ikkje minst korleis vi kan hjelpa dei til å sova betre. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

11 Okt 202430min

Skiftarbeid

Skiftarbeid

Skiftarbeid er heilt nødvendig for å halde samfunnshjula i gang, og omtrent ein tredjedel av oss jobbar utanom vanlig dagtid. Dessverre opplever mange skiftarbeidarar utfordringar knytt til arbeidstid. Mest vanlig er problem med søvn og våkenheit. Det kan vare vanskelig å halde seg vaken på arbeid, og kanskje enda vanskeligare å sove når det er tid for søvn. I denne episoden av Søvnpodden forklarer vi kvifor så mange slit med skiftarbeid, og ikkje minst kva du som skiftarbeidar kan gjere for å meistre skiftarbeid best mogleg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

30 Aug 202428min

Jetlag

Jetlag

Skal du på reise, men kvir deg for jetlag på eller etter turen? Synest du det er tungt å komme tilbake til kvardagsrytmen når ferien er over? Eller har du jobbreiser der du må fungere godt allereie dagen etter ei reise over fleire tidssoner? I denne episoden av Søvnpodden får du oppskrifta på korleis du kan tilpasse deg ei ny tidssone best og raskast mogleg, anten du skal reise vestover til USA eller austover til Asia. Gjest i studio er professor Ståle Pallesen, ein av Noregs fremste søvnekspertar. God tur! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

4 Jul 202435min

Populært innen Vitenskap

fastlegen
rekommandert
tingenes-tilstand
jss
sinnsyn
rss-paradigmepodden
villmarksliv
rss-rekommandert
forskningno
tomprat-med-gunnar-tjomlid
dekodet-2
doktor-fives-podcast
vett-og-vitenskap-med-gaute-einevoll
tidlose-historier
rss-nysgjerrige-norge
fremtid-pa-frys
hva-er-greia-med
noen-har-snakket-sammen
rss-psykologipodcasten-synapsen
abid-nadia-skyld-og-skam