Tiktok, Raudt-krise og ulovlege emojiar
premium
Nokon må gå19 Jan 2023

Tiktok, Raudt-krise og ulovlege emojiar

Det er krise og havari på alle kantar: Raudt står i den politiske skammekroken etter å ha vore på Debatten denne veka. I retten får ein mann skulda for Helge Ingstad-havariet, og justis- og beredskapsministeren vår er slumsete med Tiktok-bruken sin. I Kvinnherad derimot, er sjølv emoji-bruk ulovleg. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, @emiliemehl på Tiktok

Avsnitt(434)

Landsmøte-spesial: Mykje Raudt og litt KrF

Landsmøte-spesial: Mykje Raudt og litt KrF

Morten brukte ungdomstida i Framstegspartiets Ungdom. Denne helga var han på sitt første Raudt-landsmøte. Me tar òg ein kort tur innom Hamar, der KrF tok eit lite retningsval i kampvoteringa om nestleiarvervet. Produsent: Henrik Svanevik

24 Apr 202322min

Pepsi max-krise, «Havbyen» og ein narsissistisk, dialektarrogant egotrip

Pepsi max-krise, «Havbyen» og ein narsissistisk, dialektarrogant egotrip

Streiken held fram, og butikkhyllene går tomme for Pepsi max. Hamstrejournalistikken får mykje tyn, men den har også noko for seg. Her i vest handlar det om havet denne veka, men er eigentleg «Havbyen Bergen» meir enn et kult merkenamn og ein reklamefilm? Og så er det tid for å plukke frå kvarandre dialektdebatten til NRK-gubbane. Produsent: Henrik Svanevik

20 Apr 202346min

Streikespesial: Me tok feil

Streikespesial: Me tok feil

Kommentatorar og ekspertar gjekk langt i å avfeie det, men no er ein historisk streik eit faktum. Korleis enda me her? Partane er djupt ueinige om tilbodet som låg på bordet, så Gerd Tjeldflåt har henta inn sin kollega Hans Mjelva til å forklare konflikta og korleis dette rammar oss. Produsent: Henrik Svanevik

17 Apr 202316min

Streikefare og gledestårer

Streikefare og gledestårer

Måndag morgon kan me vakne opp til streik. Me snakkar om årets lønnsoppgjer, kvifor det er ekstra vanskeleg, og korleis sjølv eit godt oppgjer kan gi oss mindre å rutte med. Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum er blitt så upopulære at ein kommune ber dei halde seg unna i valkampen. Og på laurdag kjem sjølvaste Statsraad Lehmkuhl heim til Bergen. Det fører til ein svært sterk og uventa reaksjon i studio. Produsent: Henrik Svanevik

13 Apr 202337min

Påskereise: Fasit og vinnar

Påskereise: Fasit og vinnar

Me avslører alle våre ti stoppestader på påskereisa, og den heldige vinnaren av vår eksklusive «Nokon må gå»-kopp. Produsent: Henrik Svanevik

12 Apr 20239min

Bli med på påskereise

Bli med på påskereise

«Nokon må gå» dreg på rundtur i Noregs land. Skjønnar du kor me stoppar? Send oss dine svar og bli med i trekninga av ein eksklusiv NMG-kopp! Produsent: Henrik Svanevik

5 Apr 202316min

Here we go again

Here we go again

Lakseskatt er vekas store sak, og «Nokon må gå»-gjengen gir deg det du treng for å henge med i samtalen. Som ein bonus får du også ei grundig analyse av Støres kunstpausar og sukk. Men også Bybanen er på veg tilbake i nyheitsbiletet. Og det ligg nokre hindringar i denne skinnegangen, som kan få valkampen til å spore av. Til slutt tar me ein ny prat om Fisketorget. Produsent: Henrik Svanevik

30 Mars 202336min

Landsmøte-spesial: Har Høgre sjel?

Landsmøte-spesial: Har Høgre sjel?

Ei helg på Gardermoen med Høgre har fått Gerd til å tenke og stille store eksistensielle spørsmål. For etter eit landsmøte med lite politikk, mykje Erna Solberg, tacobuffet og coverband som spelar Postgirobygget, er det nødvendig å spørje: Kva er Høgres sjel? Finst den? Og må dei kanskje vere sjellause for å bli Norges neste folkeparti? Produsent Henrik Svanevik

27 Mars 202316min

Populärt inom Politik & nyheter

svenska-fall
p3-krim
rss-krimstad
flashback-forever
motiv
rss-viva-fotboll
aftonbladet-krim
spar
blenda-2
krimmagasinet
fordomspodden
rss-vad-fan-hande
politiken
rss-sanning-konsekvens
grans
rss-krimreportrarna
olyckan-inifran
svd-dokumentara-berattelser-2
aftonbladet-daily
dagens-eko