Kva skjer med landbruket etter korona?
KÅKÅ16 Apr 2021

Kva skjer med landbruket etter korona?

Koronapandemien har på kort sikt ført til endra konkurransevilkår for norsk landbruk - spesielt fordi grensehandelen er redusert til eit minimum. Men pandemien har også avslørt at landbruket er sårbart for stengde grenser og redusert handel. Næringa er også ein del av den globaliserte økonomien, og har i stor grad gjort seg avhengig av utanlandsk arbeidskraft og importert fôr og andre innsatsvarer.

Mange har hevda at korona-erfaringane vil føra til ei oppvurdering av nasjonal sjølvforsyning og kortreist produksjon - både i landbruket og på andre område. Men kor realistisk og ønskeleg er det? Viser ikkje køane på svenskegrensa under den kortvarige opninga i sommar at situasjonen raskt kan falla tilbake til "normalen"? Eller vil lærdommane frå pandemien vera så dramatiske at ei omlegging av politikken vil og bør tvinga seg fram? Er dette også ein historisk sjanse til å få eit meir klimavennleg landbruk? Korleis vil i så fall det nye landbruket sjå ut? Og dersom det blir dyrare enn det gamle - er forbrukarar og skattebetalarar villige til å betala prisen?

Eirik Magnus Fuglestad innleier til debatt. Han er forskar ved instituttet Ruralis, og medforfattar av den nye boka "Distriktsopprør: periferien på nytt i sentrum".

I panelet:
- Anne Marit Panengstuen, konsernsjef i Nortura.
- Ole Gjølberg, professor i foretaksøkonomi ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
- Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen.
- Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag, oppsummerer debatten.

Debattleiar: Tom Hetland.

Det här avsnittet är hämtat från ett öppet RSS-flöde och publiceras inte av Podme. Det kan innehålla reklam.

Avsnitt(66)

Populärt inom Politik & nyheter

aftonbladet-krim
p3-krim
aftonbladet-daily
svenska-fall
rss-expressen-dok
flashback-forever
rss-krimstad
rss-krimreportrarna
rss-sanning-konsekvens
motiv
svd-ledarredaktionen
rss-vad-fan-hande
spar
rss-flodet
rss-frandfors-horna
politiken
rss-aftonbladet-krim
mannen-utan-spar
fordomspodden
tv4-nyheterna-story