Michelin, flykutt og industriromantikk
Nokon må gå21 Feb 2020

Michelin, flykutt og industriromantikk

Denne veka handlar «Nokon må gå» om Bergens første Michelin-stjerne, flykutt frå Widerøe og kva som skil industristader som Odda og Husnes frå resten av Vestlandet.Programledere: Morten Myksvoll, Gerd Margrete Tjeldflåt og Jens Kihl Produsent: Henrik SvanevikVignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)Lydklipp: BT-Lytt, NRK og Michelin Annen musikk: London Philharmonic Orchestra & David Parry - Luigi Boccherini : String Quintet In e Major, Op. 13: Minuet.

Avsnitt(424)

Klimaspesial: Er det klimafiendtleg å få barn?

Klimaspesial: Er det klimafiendtleg å få barn?

I denne livepodden frå klimafestivalen «Varmere, villere, våtere» spør BT-kommentatorane Gerd Margrete Tjeldflåt, Marie Misund Bringslid og kulturredaktør Jens Kihl kvifor det er så mange i Noreg som tviler på klimaendringane? Og er det naudsynt å velje bort born av omsyn til klima? Gjestar på scena er Kikki Kleiven, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning og Gina Gylver, leiar av Natur og Ungdom. Produsent: Henrik Svanevik

19 Mars 202344min

Eksklusivt i NMG: SV pustar Ap i ryggen på ny bergensmåling

Eksklusivt i NMG: SV pustar Ap i ryggen på ny bergensmåling

SV susar framover i Bergen, og i helga har både dei og Sp landsmøte. Vedum har slutta å le, men vil i staden overvake oss alle. KrF vil hindre skjenking på Torgallmenningen. Overraskande nok er ikkje Nokon må gå-panelet einig. Produsent: Henrik Svanevik

16 Mars 202339min

Vestlandsvasking, Erna-bok og køkaos

Vestlandsvasking, Erna-bok og køkaos

Erna Solberg har gitt ut eit nytt politisk manifest, men i Nokon må gå-studio blir det reist eit stort spørsmål til det heile. For kva gjorde ho eigentleg då ho styrte sjølv? Rikingar som prøver å vestlandsvaske skatteproblema sine er også tema. Og i vekas «Å Vestland» står by mot land når vegarbeid og kø er tema. Er det eigentleg synd på byfolk som står i kø på veg til hytta? Produsent: Henrik Svanevik

9 Mars 202336min

Spesial: – Eg er ofte glad for at eg ikkje sit i den regjeringa

Spesial: – Eg er ofte glad for at eg ikkje sit i den regjeringa

Audun Lysbakken har berre dagar igjen som SV-leiar, og snakkar ut i denne liveinnspelinga av «Nokon må gå». Han gir sin analyse av kvifor regjeringa feilar, kvifor Vestlandet taper, og kvifor det trass alt ikkje går endå betre med SV. Gjest er også Amy Black Ndiaye, skaparen av suksess-serien «Verden er min». Produsent: Henrik Svanevik

8 Mars 202358min

Samedemonstrantar, nattmat og kvifor hatar regjeringa Bergen?

Samedemonstrantar, nattmat og kvifor hatar regjeringa Bergen?

Regjeringskvartalet er okkupert av demonstrantar. Fosen-saka er blitt eit enormt dilemma for regjeringa, og i denne episoden får du dei viktigaste momenta oppsummert. Me snakkar også om boka som riv opp gamle sår i Arbeidarpartiet, og sluttar ikkje å la oss sjokkere av ukulturen kvinner er utsett for. Vekas «Å Vestland» handlar om korleis regjeringa i skjul har bestemt å bygge ned Bergen. Produsent: Henrik Svanevik

2 Mars 202337min

Spesial: Eitt år etter invasjonen

Spesial: Eitt år etter invasjonen

I eitt år har det vore fullskala-krig i Europa. Den gongen såg det svært mørkt ut, idet russiske stridsvogner var på veg mot Kyiv. Men både byen og Ukraina står enno. Krigen har likevel enorme kostnader, og grip inn i våre liv. Vår eigen ekspert, kommentator Morten Myksvoll oppsummerer, og gir deg analysene om korleis krigen kan utvikle seg vidare. Produsent: Henrik Svanevik

23 Feb 202323min

Spesial: Høgre til nye høgder

Spesial: Høgre til nye høgder

Høgre gjer si beste BT-måling i Bergen på eit tiår. Og dei har enno potensiale til å vekse. Ap, derimot, strevar framleis langt under 20-talet. Finst det noko håp i all miseren? Jens Kihl og Gerd Tjeldflåt dykkar ned i tala i den rykande ferske målinga. Produsent: Henrik Svanevik.

20 Feb 202320min

Kokain, Lothepus, sosialdemokratiske forum og mykje, mykje meir

Kokain, Lothepus, sosialdemokratiske forum og mykje, mykje meir

Ap står i brann, men partitoppane i Bergen lukkar auga og lagar tøysete stemning. Frp skaffar seg nye realitykjendisar, etter å ha gitt slipp på andre. Sophie Elise og Märtha Louise sjokkerer på kvar sin måte. Produsent: Henrik Svanevik

16 Feb 202341min

Populärt inom Politik & nyheter

aftonbladet-krim
p3-krim
fordomspodden
rss-krimstad
rss-viva-fotboll
flashback-forever
motiv
svenska-fall
aftonbladet-daily
rss-vad-fan-hande
rss-sanning-konsekvens
grans
blenda-2
olyckan-inifran
dagens-eko
rss-frandfors-horna
svd-dokumentara-berattelser-2
krimmagasinet
rss-krimreportrarna
spotlight